Vestlandet ventar på godt slåttever

16.06.2017 (Oppdatert: 16.06.2017) ,  Olav Martin Synnes | Nyhet

Graset har vakse godt, og er klart for slått dei fleste stader. Det er likevel få som har starta med haustinga. Vått ver på Vestlandet siste vekene har hindra dette. Vervarselet tyder på meir regn dei komande dagane. Dette tyder på at det blir gode avlingar, med mykje fiber og berre middels energiinnhald. Dei som har fått hausta delar av engareala, nyttar gråveret til å spreie husdyrgjødsel.

I Ørskog nytta gardbrukarar, maskinfirma og Landbruksrådgivinga ventetida før slåtten til maskindemonstrasjonar. Ulike typar grashaustingsutstyr vart synt fram. Foto.- Olav Martin Synnes.

I nokre få bygder meldast det om angrep av stankelbeinlarvar, og tynn eng. Dei som ikkje har reparert skadane tidlegare i vår, må gjere det etter første slåtten, med harving og såing av grasfrø.

I kornåkrane er ugrassprøytinga unnagjort hos dei fleste. Tilleggsgjødsling med nitrogen blir tilrådd, der utvaskinga har vore stor.

Gulrota har spirt og vakse godt på Smøla. Også gulrotdyrkarane ynskjer no tørrare ver. I Valldal blomstrar jordbæra i felt. Det meldast om litt vinterskade, både i bringebær og jordbær.

Der det er trakksterk jord, har fleire sleppt mjølkekyr på beite. I lågtliggjande område har sauene kome på fjellbeite. I høgtliggjande område er det framleis for lite grønt å beite på.

 

NATIONEN Vekstrapport 13. juni 2017

Vestlandet og Møre og Romsdal