Vekstrapport Vestlandet- Full jordbærsesong – god bærkvalitet

14.07.2017 (Oppdatert: 14.07.2017) ,  Gunnlaug Røthe | Nyhet

Etter gamalt skulle slåtten starta 10. juli, kalla Knutsok, til minne om ein dansk konge Knut som vart drepen 10.07.1086. I dag har dei fleste slått grovfôret og gjødsla på nytt. Unntaket kan vera arstrik slåttemark.

På ei artsrik slåttemark er det vanleg med ein sein slått tørka på bakken eventuelt i hesje. Uansett er det viktig at slått/kutta vegetasjon vert fjerna, enten det er slått av kantar eller artsrik slåttemark. Gjødselverknad av nedslått-/kutta vegetasjon kan gje negativ effekt på dei artene ein gjerne vil behalda, og betra tilhøva for uønskte plantar. Jordbærplukkinga er i full gang hjå dei fleste og det vert meldt om god bærkvalitet og lite gråskimmel. I Sogn er dei første bringebæra i tunnel hausta; ei veke seinare enn normalt. Om 2-3 veker kan det vera mogeleg å setja tennene i saftige morellar. Elles vert det meldt at opptak av gulrot forventast starta komande veke.

 

11/07-17