Tenikkens dag på Lofthus

13.06.2017 (Oppdatert: 13.06.2017) | Nyhet

Ullensvang Hagebrukslag arrangerer teknikkdag for fruktdyrkinga i samarbeid med NLR Vest og NIBIO laurdag 17. juni ved NIBIO på Lofthus (driftsbygninga) kl. 9.30-ca. 16.00. Fleire maskinfirma er påmelde, og vil visa fram traktorar og maskiner for vår næring (+ nokon større…)

Påmelde utstillarar så langt er:

- Fimex AS (Ideal sprøyter m.m.)

- Bjerknes Maskinforretning (Uni-green sprøyter)

- HMV/Eiksenteret (Massey Ferguson 3600F-serie frukttraktor, stiller med fleire traktorar + Can-am ATV)

- Aase Landbruk (McCormick traktorar, Osella sprøyter, Maschio grasknusarar)

- Sandvik Landbruk AS (Kubota traktorar, Müthing slåtteutstyr)

- Thord Paulsen AS (Nobili tåkesprøyter og grasknusarar)

- Olav Reilstad (Silver Bull hausteplatform)

Enkel servering. Vel møtt!