Satsing på ammeku i Bygstad

21.12.2017 (Oppdatert: 21.12.2017) ,  Arve Arstein | Nyhet

I Gaular kommune i Sunnfjord, og især i Bygstad, har det i dei siste tre åra vorte etablert fleire nye buskapar med ammeku. Alle har satsa på rasar som er gode til å nytte beite, og fleire tek hand om kjøtet sjølve og sel direkte til kundar. Siste buskapen vart etablert på Kårstad i sommar. Der satsa dei på Vestlandsk Fjordfe i ein eldre fjøs.

Maria er like engasjert i drifta som Lars Andreas.

Kårstad i Bygstad

Maria Fauske Lysholt (27) og Lars Andreas Kårstad (32) bur på Kårstad i Bygstad, heimgarden til Lars Andreas. Fram til 2009 var det mjølkeproduksjon på bruket. Fjøsen har 16 båsar på 2 rekker og bingeplass til kalvar. Eige areal er knappe 60 dekar til slått og beite. Areala er slett ikkje flate, så fôrhaustar og vossakasse er det best eigna hausteutstyret. I samband med oppstart med Vestlandsk Fjordfe i sommar, er det gjort avtale om å leige 40 dekar hos to naboar som ikkje har drift på bruka sine. Utmarksbeite er ein viktig del av ressursgrunnlaget for satsinga.

 

Ungt og godt ammekumiljø

Ynskje om at areala i grenda skal vere i bruk til matproduksjon har vore ein viktig motivasjonsfaktor for Maria og Lars Andreas. Landbruksmiljøet i Bygstad har vore på retur i ein del år, så det har ikkje vore kamp om å få hauste areala på garden. Det er tre år sidan vi i NLR Vest fekk første e-posten frå Lars Andreas om evt. oppstart med dyr. I løpet av denne tida har det vorte bygt fleire nye ammekufjøs i kommunen med totalt plass til knapt 100 kyr. Nokre nye mjølkekufjøs har og komme til siste åra. Alt i alt har dette gitt ein ny giv i landbruksmiljøet i Bygstad og området rundt, som Lars Andreas og Maria let seg inspirere av.

 

Støtte frå Innovasjon Norge

Sjølv om prosjektet med å renovere den gamle mjølkefjøsen heile tida var planlagt utført på ein rimeleg måte, blei det søkt Innovasjon Norge om støtte til arbeidet.

 

Etableringstilskot ved generasjonsskifte er ei ordning som kan nyttast av søkjarar under 35 år som har overteke eit gardsbruk for mindre enn 5 år sidan. Tilskotet skal utmålast med inntil 50 % av godkjend kostnad, maksimalt kr 150 000 kr (2017-reglar). Som grunnlag for søknad trengst det driftsplan og kostnadskalkyle for tiltaket. Driftsplanen vart laga av oss i NLR Vest tidleg på nyåret i 2017, og i denne fekk Lars Andreas og Maria eit godt vurderingsgrunnlag for kva satsinga ville bety økonomisk. Raude tal i starten, og heller moderate driftsresultat på sikt, skremde dei ikkje frå tanken om å setje i gang.

 

Innovasjon Norge løyvde dei 150 000 kr til prosjektet. Då var det berre å starte. Bygningen vart oppgradert med nytt mokeanlegg, alle vindauge og dører nye, kalvebingane blei ordna, nytt vassanlegg og det elektriske anlegget er oppgradert. Totalkostnad på vel 400 000 kr.

 

Buskap

Dei var raskt i gang med å skaffe seg drektige kviger/kyr. Valet fall på Vestlandsk Fjordfe, delvis pga. at regelverket frå Mattilsynet er strengt m.o.t. oppstart med kyr i båsfjøs etter opphald i drifta, men mest grunna interesse for rasen, som er verneverdig og trengst satsast på. Vestlandsk Fjordfe er definert som bevaringsverdig kurase, og dermed er det ekstra tilskot å hente (2900 kr pr ku i 2017).

 

Det er planlagt kalving i februar til april på sikt. I oppstartsåret har dyra kalva på ulik tid gjennom sommaren. Oksekalvane vert kastrerte og slakta etter andre beitesommaren. Kvigene går til eige påsett og til livdyrsal eller slakt.

 

Dei likar dyra svært godt. -Fjordfe er tingen, seier Lars Andreas. -Artige dyr som er kjekke å handtere. -Alle er ulike og med ein stor fargevariasjon. Maria har ikkje husdyrerfaring frå oppveksten, men ho er med i den daglege drifta.

 

 

Erfaring etter første året

Det meste har gått bra. Dei var godt førebudde, og dei har hatt god hjelp av mange i bygda. Meir beite er eit prioritert tiltak til komande sesong. To høgder med elektrisk gjerde (både nettbasert og batteri m solcelle) har fungert svært fint. Stell og opparbeiding av beite krev mykje arbeid, men dette var eit av hovudmotiva for satsinga: Matproduksjon på lokale ressursar og eit ope kulturlandskap som skapar trivsel og vakker bygd.

 

Dei dyra som er slakta denne første hausten er tekne i retur og omsett til lokale matbedrifter (Åmot Operagard, Mitt lille kjøkken og Nysna Gard). Dei håpar å kunne omsette alt kjøtet lokalt også når produksjonen er større enn i dag.