Nybyrjarkurs i fruktdyrking, tredje samling

12.05.2017 (Oppdatert: 12.05.2017) | Nyhet

Er du ny fruktdyrkar, som har starta opp i 2014 eller seinare? Kom og bli med på kurs!

Kurset vert arrangert 18. august kl. 10-16:00 på lunsjrommet til NIBIO Ullensvang.

 

Måla denne gongen vert:

1. Kunne vurdere vekstnivået i trea

2. Kunne vurdere tiltak for å regulere vekst-/avlingsnivået

3. Kjenne til tiltak mot ugras

4. Kjenne til dei vanlegaste plantevernutfordringane om sommaren

5. Kjenne til IPV og kunne vurdere tiltak

6. Kunne gjennomføre og vurdera eigne haustetidsanalysar

7. Kjenne til grunnleggande lagringsmoglegheiter i frukt

 

PÅMELDING 3. kurssamling innen 15.august 2017 til kristin@nlr.no

 

Kurskostnad per kurs vert 500,- og inkluderer lunsj. Hele nybyrjarkurset vil med full

deltaking altså komma på 2500,-. For person 2 frå same bruket vil vi gje 50 % rabatt på

teorikursene.

 

Vi ynskjer også å tilby kurset til medlemmene våre utanfor Hordaland til ein pris på 1100,-

per økt. Fjerde kurset vert arrangert den 13. oktober

 

De to følgjande samlingane vert gjennomført om hausten (plantefysiologi, plantevern, kalking) og siste samlingen vil vera ei litt teoretisk/mest

praktisk skjeresamling om vinteren.

 

Alle teori-kursa vert haldne på fredagar på Lofthus, og me håpar flest mogeleg nye dyrkarar

kan delta. Teorikurs vil går kl. 10:00 – kl. 16:00 med ein times lunsjpause- Me organiserer

lunsjen.