Maskinførarkurs i Ørsta

06.07.2017 (Oppdatert: 06.07.2017) | Nyhet

32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

NLR vest vil arrangere kurs i Ørsta 26.-29. oktober.

Kurs er obligatorisk for dei som brukar gravemaskin eller hjullastar. Dei som brukar små hjullastarar i fjøs må også ha kurs.

Vi er interesserte i påmelding til kurset alt frå no av. Helst må vi ha rundt 15 deltakarar for å avvikle kurset.

Kurset er ope for alle, men geografisk ligg det godt til rette for deltakarar frå Sunnmøre og Nordfjord.

Nærmare opplysningar og påmelding til Olav Martin Synnes, tlf. 995 73 688 eller e-post: olav.martin.synnes@nlr.no

 

Kristiansand Truckoplæring har det faglege ansvaret.

 

16 år

Du kan ta teorikurs og eksamen

17 år

Du kan øvingskøyre om du har bestått teorikurs

18 år

Du kan køyre opp

Praksiskrav

Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få maskinførarbevis må du gjennomføre ein praktisk køyreeksamen pr. maskintype.

Før køyreeksamen er det eit krav om minimum 40 timar praktisk bruk pr. maskintype. Denne praksisen må dokumenterast av ein fadder. Fadder er ein maskinførar med kompetansebevis/fagbrev og minst 3 års erfaring/ praksis med aktuelt utstyr. Den enkelte deltakar må sjølv sikre seg tilgang på eigen fadder.

Praktisk køyreeksamen etter nærare avtale. Denne er inkludert i prisen.

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve, vert det utskrive maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Ta kontakt dersom spørsmål.