Leigeprisar jord på Vestlandet

12.06.2017 (Oppdatert: 12.06.2017) | Nyhet

Landbruksdirektoratet publiserer kvart år oversikt over jordleigeprisar. Tala er på grunnlag av svar frå 271 kommunar.

Det vert skilt mellom dårleg jord (jord som er dårleg grøfta eller i dårleg hevd) og god jord. På Vestlandet er middelprisen på leige av dårleg jord 41 kr per daa, men varierer frå 0,- til 250,-. På god jord er snittprisen 180 kr per daa, men varierer frå 0,- til 400.

Prisane har vore nokså stabile frå 2016.

Les heile saken på nettsidene til Landbruksdirektoratet