Jordprøvesesongen er i gong

31.08.2017 (Oppdatert: 31.08.2017) | Nyhet

I NLR vest har vi starta jordprøvesesongen. Vanlegvis tek vi kontakt med dei av dykk som står for tur, men vi oppmodar likevel medlemane til å sjekke gjødslingsplanen sin.

Ta kontakt om du vil ha jordprøver "utanom tur". Sjå også anna nettsak om dette!

Måndag 28. august var vi på jordprøvetur hjå tidlegare kollega Magnus Skjerdal ved Hjørundfjorden i Ørsta. Vår nye rådgjevar Randi Hodnefjell tok si første jordprøve midt i kjeflokken, og med Sunnmørsalpane ragande over.