Haustetidsvurderingar 2017

12.06.2017 (Oppdatert: 13.06.2017) | Nyhet

På dei tidlegaste stadane er energiverdien i graset allereie under ønskjeleg nivå, medan dei på middels og tidlege stadar framleis kan hauste energirikt fôr. Dei fleste ligg no og ventar på véret, så snart det tørkar opp vert det full slått på Vestlandet.

Vi har sidan førre rådgjevingsmelding teke fleire grasprøver både i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Som nemnt tidlegare, så har vi hatt problem med Grovfôrmodellen som blir brukt til utarbeiding av prognosekurver. Vi har også hatt problem med postgangen ved innsending av prøver til analyse. Etter beste evne har vi likevel laga til nokre prognosekurver og tekst som skal fortelje dykk ein del om utvikling av grovfôrkvaliteten.

 

Tabell: Analyseresultat frå eng i Sogn og Fjordane og Hordaland. Prøvene er tekne i ny, timoteidominert eng. Nokre av prøvene er nettopp innsendt, og vi har berre MSC-verdien i tabellen enno.

Prøvestad

Dato

Energi

FEm/kg TS

Råprotein % av TS

Fiber NDF,

% av TS

Uford. fiber

% av TS

Vassl. karboh.

% av TS

MSC *

Stårheim, Eid

26.05

0,95

21,4

55,8

5,5

8,7

2,59

Sandane, Gloppen

27.05

0,97

20,7

56,9

5,4

8,9

2,57

Kyrkjeeide, Stryn

01.06

0,98

18,6

55,6

6,1

12,7

2,90

Felde, Gloppen

01.06

1,00

20,5

57,0

4,4

10,4

2,63

Bruland, Førde

26.05

0,97

23,1

56,6

5,2

9

2,42

Bruland, Førde

01.06

0,95

19,9

57,6

7,0

13,4

2,75

Straumsnes, Fjaler

26.05

1,01

24,1

53,7

3,2

9,6

2,40

Straumsnes, Fjaler

01.06

1,00

22,0

48,9

3,2

18,8

2,70

Ljøsne, Lærdal

26.05

0,97

16,7

54,4

4,6

14,7

2,23

Kaupanger, Sogndal

26.05

1,06

26,5

48,9

3,0

10,5

1,93

Fjærland, Sogndal

01.06

0,98

19,1

55,4

5,3

13,1

2,39

Fjærland, Sogndal

08.06

 

 

 

 

 

2,91

Stardalen, Jølster

08.06

 

 

 

 

 

2,55

Omvikdalen, Kvinn.

01.06

0,99

17,8

55,7

5,9

15,7

-

Ølve, Kvinnerad

27.05

0,99

19,5

53,8

5,8

13,6

-

Ølve, Kvinnherad

02.06

0,91

15,6

56,1

8,4

14,2

-

Ølve, Kvinnherad

07.06

 

 

 

 

 

3,05

Lid, Voss

29.05

1,00

23,1

52,6

4,4

10,5

-

Lid, Voss

01.06

1,01

21,2

52,0

5,7

12,4

2,48

Lid, Voss

07.06

 

 

 

 

 

2,90

Vinje, Voss

29.05

1,04

28,6

49,3

3,1

7,3

-

Vinje, Voss

01.06

1,07

24,2

48,2

3,8

13

2,20

Vinje, Voss

07.06

 

 

 

 

 

2,45

Bu, Eidfjord

28.05

0,99

18,4

57,6

5,2

13,6

-

Bu, Eidfjord

01.06

0,94

17,9

60,0

5,8

10,1

2,51

Bu, Eidfjord

07.06

 

 

 

 

 

2,93

*MSC (mean stage by count) er ein indeks som blir rekna ut i høve til utviklingsstadiet på timotei. Dette blir gjort ved teljing av vekstnodar, evt. registrering av aks. Når talet er ca. 2,90 er vi ved byrjande skyting.

Prognosar i Sogn og Fjordane

 

Førde (tidlege stadar i midtre Sunnfjord)

Prognose utarbeidd for Førde. Prøve teken på Bruland 1. juni. Verdata frå Sandane er nytta. Prognosen syner at energikonsentrasjonen no er komen under 0,90 FEm pr. kg tørrstoff. Enno er kvaliteten god, men alt måndag går fôreiningskonsentrasjonen fort under 0,85 FEm pr. kg ts.

 

Straumsnes, Fjaler (tidlege stadar i ytre Sunnfjord/ytre Sogn)

Prognose for Ytre Sunnfjord. Prøve teken på Straumsnes 1. juni. Verdata frå Fureneset er brukt i prognosen. Fôreiningskonsentrasjonen er komen under 0,90 FEm pr. kg tørrstoff. over helga. Rett over helga er kvaliteten enno brukande.

 

Stryn (tidlege stadar i indre Nordjord)

 

Prognose for tidlege stadar i indre Nordfjord. Prøve teken på Kyrkjeeide 1. juni. Verdata frå Loen er brukt i prognosen. Her var byrjande skyting ved prøvetaking. Kurva syner at dei som vil ha god kvalitet, og ikkje har hausta enno, har kort tid på seg. Alt rett over helga er kvaliteten tvilsam på tidlege stadar i dette området.

 

Andre stadar i Sogn og Fjordane

Vi har teke prøver som ikkje er brukt til prognosar. Første prøveuttak på Stårheim og på Sandane 26.-27. mai synte at det på det tidspunkt var for tidleg til å slå, men i dag er nok dette hausta, med sannsynlegvis god kvalitet. I Lærdal (Ljøsne) synte ei prøve god kvalitet 26. mai. Her bør det vere full hausting no. I Breim (oppe i bygda) var kvaliteten svært god for ei veke sidan (1.juni). Sannsynlegvis hausteklart no i helga. Her er det berre veret som set stoppar for slått. I Fjærland var det byrjande skyting på ei god 1. års eng i går (8. juni). Her toler vi nokre dagar til slått, men ut i neste veke bør det vere klart også her. Vi tok ei prøve i Stardalen i Jølster i går (8. juni). Her syner MSC-verdien at det enno er ei stund til byrjande skyting. Hausting her er neppe aktuelt neste veke heller.

 

Litt kritisk på tidlege plassar i Hordaland

Då vi ikkje har meteorologiske stasjonar nær prøvestadane vert det ikkje køyrd prognosar på prøvene frå Hordaland. Dei kan likevel gje oss mykje informasjon om utviklingsstadium i enga, slåttetidspunkt, dosering av ensileringsmiddel og kanskje også ein liten peikepinn på kva som kjenneteiknar fôret frå 1. slått i 2017.

 

Prøvene frå Ølve i Kvinnherad og Bu i Eidfjord syner at det har vore ein ganske stor nedgang i energikonsentrasjon på dei 4-5 dagane mellom fyrste og andre prøve. Prøva som er teken 2. juni i Ølve har ein fôreiningskonsentrasjon på 0.91; noko som er omtrent begynnande skyting, eller vel så det. Dette er ein nedgang frå 0,99 på 5 dagar. Litt mindre nedgang viser prøva frå Bu i Eidfjord; her er nedgangen frå 0,99 til 0,94.

Prøvene frå indre strok i Voss kommune (Lid, Voss og Vinje, Vossestrand) syner ingen nedgang i fôreiningskonsentrasjon, men dette er ikkje heilt tilfelle då auka sukkerinnhald held energiverdien oppe.

 

Auka sukkerinnhald, men meir ufordøyeleg fiber

Sukkerinnhaldet er ulik mellom grasartar. Prøvene våre er teke frå ny eng som er dominert av timotei. Då er det proteininnhald og véret som er viktigaste årsaker til ulikt innhald av sukker. Kraftig gjødsla eng har høgt proteininnhald og lågt innhald av sukker. Produksjonen av sukker i planten vert påverka av véret. Høgst innhald får vi ved mykje sol og låge temperaturar. I dagane fram mot 1. juni har sukkerinnhaldet auka i alle prøvene. Auka sukkerinnhald påverkar fôreiningskonsentrasjonen positivt.

 

Høgt innhald av fiber

Fiberinnhaldet er høgt i forhold til energiinnhaldet. Graset i Ølve er i begynnande skyting, men har allereie 560 g NDF per kg TS og av dette er ca. 150 g ufordøyeleg fiber.

Prøvene i indre strok syner ein auke i mengda ufordøyeleg fiber (iNDF). Sukkerinnhaldet kan gå opp og ned i forhold til veret. Dersom vi får dagar der sukkerproduksjonen er låg (gråvér, høg temperatur) så vil vi sjå ein rask nedgang i kvalitet sidan det no er auka sukkerinnhald som gjer at fôreiningskonsentrasjonen er like høg som fyrste prøva. Ufordøyeleg fiber vil auke fram mot slått.

 

Moderat innhald av protein

Innhaldet av råprotein i prøva i Ølve er 15,6 % og vil gje ein PBV på ca. +15. Dette er nokså lågt i såpass energirikt gras. Her kunne ein ha henta ut ei større avling dersom ein hadde auka mengda med nitrogengjødsel. Dei andre prøvene har høgare innhald av råprotein, men ingen ligg for høgt. Dette kan tyde på gode avlingar.

 

Dårlege vérutsikter framover

Vi reknar med at Yr og Storm er mykje brukt for tida. For nokre dagar sidan var det meldt meir regn enn det har blitt. I nordre og indre delar av Sogn og Fjordane blei veret i denne veka vesentleg betre enn tidlegare meldt. No har det vore forhold til å slå nokre stader. I skrivande stund er det meldt regn i helga og ut i neste veke. Det kan sjå ut for at graset vil halde seg konstant vått i lenger tid på store delar av Vestlandet. Dette er akkurat i denne tida då kvaliteten på fôret på tidlege stader tapar seg fort. Dei som bur på tidlege stader, og som ikkje har nytta seg av det vesle vindauget vi har fått, vil få vanskar med å oppnå topp kvalitet på fôret dersom vermeldingane sler til. På den andre sida vil det vere gode sjansar til å oppnå god kvalitet på seine stader, der det uansett ikkje er aktuelt å hauste før over neste helg.