Grovfôr 2020- Vi treng fleire deltakarar!

22.08.2017 (Oppdatert: 22.08.2017) | Nyhet

Prosjektet "Grovfôr 2020" har som mål å auke grovfôravlingane med 20 % og å betre kvaliteten med 20 %, samstundes som ein ønskjer å redusere grovfôrkostnadane med 20 %.

Alle som ønskjer å delta i prosjektet må få utført ei kartlegging av bruket med programmet "Grovfôrøkonomi". Denne rådgjevinga må betalast separat. Det er ikkje råd å setje ein fast pris på dette, då det vil variere frå bruk til bruk. Det vil uansett gå nokre timar pr. bruk med besøk, gjennomgang og etterarbeid.

Neste steg, er å samle alle deltakarane for å gjennomgå resultata på ei fagsamling. Denne samlinga vil også innehalde andre faglege programpostar. Samlinga for Vestlandet blir 3. – 4. november -17 på Thon Hotell, Jølster. Deltakaravgifta her er kr 2000 pr bruk. Tilbodet gjeld om du kjem åleine eller med ektefelle/partnar. Prisen inkluderer overnatting, frukost, to lunsjar og felles middag med underhaldning. Det er også råd å bestille gjennomgang på bruket utan å vere med på møtet 3.-4. november.

Det er plass til 50 bruk på fagsamlinga. Hittil har NLR Vest 14 bruk som er påmeldt til gjennomgang av grovfôrkostnadane, og som også sannsynlegvis vil delta på samlinga på Skei i november. Det hastar med fleire påmeldingar for å få til eit godt opplegg til hausten. Vi treng også tid til å gjennomføre den økonomiske analysen på førehand.

Meld dykk på som prosjektdeltakar hjå oss! Så sender vi dykk ei lenke til påmelding til Yara, som er ansvarleg for fagsamlinga. Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar via telefon/sms/e-post.

Vi har fleire dyktige NLR-rådgjevarar som kan gje deg den økonomiske analysen.