Gratis datakurs for bønder!

05.12.2017 (Oppdatert: 10.01.2018) | Nyhet

Vi gjentek suksessen frå tidlegare, og tilbyr gratis datakurs med utgangspunkt i dine ferdigheiter! Det vert kurs i Førde og i Fusa.

 

Vi ynskjer å tilby medlemane våre kompetanseheving innan data.

Det er god, individuell oppfølging på kurset, så det høver både for deg som får sveitteperler i panna når du høyrer ordet e-post, og for deg som har brukt data ein del. Ein må ha med eigen pc på kurset. 

Tilbodet er profesjonelt utarbeidd i samarbeid med Folkeuniversitetet. Ynskjer du å vere med på denne reisa, bør du sikre deg kursplass no!

Opplæringa blir gjennomført på faste vekedagar med samlingar på 4 timar.


Moglegheita du no får er unik, og det er avgrensa med kursplassar. Difor ber vi deg om å vere raskt ute med påmelding.

 

Kursinnhald:

  • Korleis bruke e-post
  • Utarbeide rapportar og handsaming av tabellar
  • Datatryggleik
  • Hurtigtastar
  • Retteprogram i Word, ordliste og Google Translate
  • Dei viktigaste symbola og ikona på skjermen
  • Nettvett, (nettbank, passordtesting, antivirus)
  • Nyttige nettsider
  • Korleis logge seg inn på ressurssider, f.eks Altinn og Landbruksdirektoratet sine sider, der ein finn søknadsskjema mm
  • Innføring i Word og OpenOffice
  • Innføring i Excel
  • Sikkerheitskopiering av data, lagre skjema frå nett på eiga datamaskin, korleis finne dette igjen seinare, bruk av ekstern lagring/harddisk
  • Facebook og sosiale medium
  • Varigheit: 30 timar fordelt på 8 veker.

 

Praktisk informasjon

Start: 23. januar 2018. Tid: kl. 17.00 - 21.00


Kurset i Førde blir halde på Folkeuniversitetet i Førde,

Langebruvegen 2

 

Kurset i Fusa blir halde på
Fusa vidaregåande skule

 

Påmelding på telefon: 98 24 58 38, eller til vest@nlr.no