God jord for god avling

18.07.2017 (Oppdatert: 18.07.2017) | Nyhet

Martin Beck, den danske landbruksrådgjevaren og agronomen, kjem til Hatlestrand måndag 28 aug. Han er spesialist på jordsunnheit og er tilsett som driftsplanleggar hjå Landbruksfellesskapet Almende ApS, som har heile 720 ha jord. Bli med å høyr på Martin sine kunnskapar om karbonlagring i jorda og effekten det kan ha på avlinga og jordlivet.

I tillegg skal Norsk Landbruksådgiving Vest bidra med teori og praksis i høve til spadeprøve av nærliggande jord.
Det vert også ei markvandring. Med tanke på dette, kan det vera lurt å ta med seg uteklær etter høve og vèr.
Fagdagen byrjar klokka 10.30. (i Hatlestrand ungdomshus) og varar til 16.00. (Lunsh frå kl. 13.15 - 14.00).
Registrering og kaffi/te. frå kl. 09.45
Fagdagen krever påmelding på grunn av begrensa antal plassar.

Arr. : Ølve og Hatlestrand Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving Vest.
Støttespelarar: Fylkesmannen i Hordaland

Påmeldingsskjema finn du HER

 

Priser

Tidspunkt

Sted

Kontaktperson for arrangementet