Fornying av plantevernsertifikat – Ørsta

09.02.2018 (Oppdatert: 09.02.2018) | Nyhet

Må du fornye ditt plantevernsertifikat, etter 10 år? Det blir autorisasjonskurs i Ørsta 6. mars, kl. 10-17. Møtestad blir hos Tine.

Det blir fornyingskurs i Ørsta i mars.

Programmet omfattar:  

  • Sprøyteutstyr - innstilling og bruk  
  • Integrert plantevern  
  • Plantevernmiddel og miljø
  • Plantevernmiddel – godkjenning og bruk
  • Plantevernmiddel og helserisiko

Det bli sett av tid til gruppearbeid, der ein arbeider med spørsmål som liknar dei ein  får til eksamen.  Lærebok og arbeidsbok blir delt ut ved frammøte.

 

Når det gjeld eksamen, føreslår vi at flest mogleg tek denne ei veke etter kurset. Dette må avtalast med lokalt landbrukskontor. Det er desse som har ansvaret for å arrangere eksamen. Ein har høve til å velje mellom ulike oppgåvesett: generelt – fôrvekstar – grøntanlegg – grønsaker – frukt og bær – veksthus. Vi drøftar dette mot slutten av kursdagen.

 

Den som har lærebok og arbeidsbok som er ti år eller yngre kan ta med desse. Dette gir lågare kurspris. Påmelding snarast råd, seinast ei veke før kursdagen.

 

Kurs for nye brukarar vil bli arrangert i månadsskiftet april-mai. Dato blir fastsett seinare.

 

Vel møtt, helsing NLR Vest

           

Olav Martin Synnes, lærar, 99573688                                Randi Hodnefjell, lærar, 92642868        

Kurset kostar kr 2700, medrekna sertifikatavgift til mattilsynet (kr 55), eksamensavgift til kommunen (kr 100), lærebøker (ca. kr 520) og mat. Rekning blir tilsendt etter kurset.  Medlemar får god rabatt. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.