Drenering- Tilskotet er dobla!

21.09.2017 (Oppdatert: 22.09.2017) ,  Arve Arstein | Nyhet

Etter ein svært vanskeleg sommar er det truleg mange som planlegg dreneringstiltak på eiga jord/ leigejord. Dekkdimensjonering har vore i fokus i lang tid, og mange har kosta på traktor og presser/vogner store, gode og dyre dekk. Sommaren i år viser at dette ikkje er godt nok. Lettare utstyr og betre dreneringstilstand tvingar seg fram. Vatnet må raskare vekk frå bøane. Fleire metodar er aktuelle (jfr. heftet som det er link til i dette notatet).

Tilskotet er dobla!

Det har vore tilskot til drenering i nokre år – 1000 kr pr. dekar. Frå 1. juli i år er dette tilskotet auka til 2000 kr pr. dekar. Tiltak som går inn under ordninga er:

  • Systematisk grøfting
  • Profilering
  • Omgraving
  • Avskjeringsgrøfter
  • Anna grøfting

Ved usystematisk drenering (enkeltgrøfter, avskjeringsgrøfter eller punktdrenering) er tilskotssatsen 30 kr pr. løpemeter (maks 2000 kr pr. dekar).

Søknad om tilskot

Det er relativt enkelt og raskt å lage ein søknad om støtte til eit dreneringsprosjekt. Det viktigaste er at dreneringsplanen er god. Eit kart der planlagt drenering er teikna inn skal leggast ved søknaden. Kostnadsoverslag og ei miljøvurdering skal også vere med. Alt ligg på nett.

Søknadsskjema finn du her: Landbruksdirektoratet.

Hugs at du må søkje og få løyvt tilskot av kommunen før arbeidet startar.

Hjelp til å planlegge

Ta kontakt med ein jordbruksrådgjevar i NLR Vest om du treng hjelp. Faginfo laga av NLR Vest m.fl. i 2013 finn du her: Drenering Teori og praksis