Demonstrasjon med fokus på jordpakking og jordstruktur

21.09.2017 (Oppdatert: 21.09.2017) ,  Helena Elvatun | Nyhet

Laurdag 19. august var det markdag i Kvam og Bergsdalen. Hovudfokus denne dagen var jordpakking. Det er spesielt vanskeleg å snakka om dette i år med all nedbør som har kome i sommar. Samtidig er det svært viktig å prata om.

I Bergsdalen vart det også grave eit jordprofil, dette er ein fin metode for å studera jordhelsa. Her inngår både struktur, lukt vassinnfiltrasjon og dyreliv (insekt, mark osv.). Her fann ein at jordhelsa var god, med fin "smuldrestruktur", dette kjem truleg av at bonden Per Småbrekke nytta lett utstyr; slangar ved møkaspreiing og tohjuls slåmaskin. Andre tiltak for å forbetra jordhelsa er til dømes drenering. Planteartar kan også seia mykje om jordhelsa. Krypsoleie, linbendel og vassarve kan vere teikn på dårleg drenering.

 

Jordpakking oppstår på grunn av utstyr som blir nytta ved grovfôrproduksjon. I effektiv grovfôrproduksjon blir det ofte til at ein nyttar tungt utsyr. Forsøk frå NIBIO (tidlegare Bioforsk) har synt at avlinga kan minka med 10 % ved jordpakking i høve til optimale forhold. På eit skifte som kan oppnå 1000 kg tørrstoff (TS) per daa utgjer dette 100 kg TS i tap. Her er det sjølvsagt fleire faktorar som spelar inn. Ein av faktorane er rett lufttrykk i dekka og evt. tvillinghjul. Dette snakka Leif Trygve Berge om i Kvam. Du kan også lese meir om dette i artikkelen: Å ta vare på jordstrukturen er eit godt klimatiltak

 

Det var godt oppmøte på begge plassane, noko som var svært moro for oss i NLR. Det vart også demonstrasjon av Brielmaier tohjulstraktor. Her var det også mogleg å få prøvekøyrt den.