kurs i strategisk nærings-og produksjonsutvikling (SNOP)

12.02.2020 (Oppdatert: 12.02.2020)

I samarbeid med Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.

Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:

  • Søkja byggjeløyve
  • Få lån til investeringar
  • Søkja tilskot
  • Oppnå suksess

Delar av kurset er nettbasert (videoførelesing)

Kurset vert toppa med eksursjon til bønder i nærområdet.

Det vert nytt SNOP-kurs hausten 2020.

 

Les om SNOP i bondevennen her



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.