Autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel

03.02.2020 (Oppdatert: 11.09.2020)

For å kjøpa og bruka plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein arbeidsplass, må du ha plantevernbevis. NLR Vest arrangerer Kurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel årleg i januar og februar.

På NLR Vest sine kurs får du ein munnleg gjennomgang av pensum med ein av rådgjevarane våre. Det vert nytta døme frå gode og praktiske løysingar, tips om nye plantevernmiddel og generelle tilrådingar. I fruktdistrikta vert fleire av døma knytt opp mot fruktdyrking, medan i grovfôrområda fokuserer vi på eng og attlegg.

Fyrste gongen du tek dette kurset består det av ein teoridel der ein går gjennom kursboka, samt ein ekstra "praksisdag"/dag 2 med fokus på helse og sprøyteteknikk. Kvart 10. år må dette beviset fornyast. Dette kan gjerast gjennom NLR Vest sine kurs (dag 1, sjå sidekolonne), eller det kan takast som eit nettbasert kurs i regi av Mattilsynet.

Vel møtt til eit lærerikt kurs med god mat og sosialt samvær med yrkesbrør og søstrer. 

Plantevernkurs på nett (Teams):

Autorisasjonskurs for nye brukarar:

tysdag og og torsdag 17. og 19. november

kl. 1000-1230, på Teams.

Eksamen om lag ei veke seinare.

 

Autorisasjonskurs fornying:

tysdag og torsdag 8. og 10. desember,

kl. 1000-1230, på Teams.

Eksamen om lag ei veke seinare.

 

Pris

  • Nettkurs plantevern: kr 2950,- for medlem kr 2100,- (kr 100 er porto for tilsendt bok)

 

"Klasseromkurs"

Dag 1: For både førstegong og fornying, avsluttar med eksamen for dei som fornyar.

Bømlo: Rådhuset 7. januar

Kinsarvik: Mikkelparken ferietun 8. januar

Voss: Vandrarheimen 11. januar

Rosendal: Rådhuset 13. januar

Knarvik: Hagellia Matstove 14. januar

Øystese: Holmatun 15. januar

Sogndal: Lægreid Hotell 02. februar               

Nordfjordeid: Nordfjord Hotell 04. februar 

 

Dag 2: for førstegongsbrukarar, avsluttar med eksamen.  

Bømlo: Rådhuset 4. februar

Rosendal: Rådhuset 10. februar

Arna: Ljoshallen 25. februar

 

Forbehald om avlysing/slå i saman kursstader dersom færre enn 15 deltakarar

 

Fornying og 1. gongskurs – kursa går 9.30-15.30, og eksamen ca. kl.15.45-16.45

NB! Me tek atterhald i at kursa kan bli avlyst dersom det vert for få påmelde. Prisen er inkludert lærebok og eksamensgebyr (eks mva):

  • Fornying av bevis, 1 dag kr 2850,- for medlem kr 2000,-
  • Bevis fyrste gong, 2 dagar kr 3900,- for medlem kr 2700,-
  • Bevis fyrste gong, berre dag 2 kr 2850,- for medlem kr 2000,-

 

Spørsmål? Ta kontakt med ein av kurshaldarane våre:

  • Leif Trygve 982 45 839
  • Mari 982 45 840
  • Endre 414 52 940
  • Rune 901 69 501 
  • Olav Martin 995 73 688


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.