Autorisasjonskurs i tiltak mot smågnagarar

03.02.2020 (Oppdatert: 03.02.2020)

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel.

Vilkåra for å få autorisasjon for kjøp og bruk av gnagarmidlar er at ein:

  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom

Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette.

Kurset er 5 timar teori + 1 time eksamen.

Det er ingen planlagde kurs i tiltak mot smågnagarar på dette tidspunkt. Siste runde med kurs var i november/desember 2019.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.