Steinsprekking

Ordninga med C-sertifikatet for bruk av dynamitt på eigen gard gjekk ut i 2011. Mange har sakna alternativ. Firmaet Powertools vart kontakta for demonstrasjon av deira utstyr for «steinsprekking».

Harald Jensen i Powertools er norsk importør av Simplex-systemet. Her er det brunkrut under trykk som gir eksplosjon. Bruk av for mykje ammunisjon gir ikkje same risiko som ved for store ladningar av dynamitt. Metoden har sine begrensingar i forhold til dynamitt. Prisen i bruk er betydeleg høgare, men kan likevel vere eit godt alternativ til mindre jobbar.

Steinsprekking med Simplex krev, i tillegg til patronar og tennapparat, det vanlege utstyret for sprenging med dynamitt (boreutstyr for å lage hol og dekkemateriale der ein kan risikere steinsprut).

Det er mogeleg å seriekoble opptil ti hol. Det betyr ingenting om hola er våte. Patronane blir dekka med fuktig støypesand som blir stampa godt med ein trestokk (vanleg kosteskaft).

Alle som kjøper krut og utstyr gjennom Powertools må ha eit kurs og ta ein enkel test. Ved spørsmål om steinsprekking med krut, kan ein kontakte Harald Jensen, tlf. 95174007.

Meir info om metoden finn ein på Powertools si nettside.

Komande kurs