Kurset er eit 32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseforflyttingsmaskiner. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

Pris: kr 7 900,-/5 900,- (medlem i NLR)

Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintypar. Prisen inkluderer òg ei framtidig oppkøyring med kompetansebevis.

Rabatt for medlem i NLR Vest gjeld også ektefelle/dotter/son/tilsett.

Kristiansand truckopplaering

Eit bestått maskinførarkurs vil gi bestått teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få maskinførarbevis må du gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype.

Før køyreeksamen er det eit krav om minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må dokumenterast av ein fadder. Fadder er ein maskinførar med kompetansebevis/fagbrev og minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr. Deltakar må sjølv sikre seg tilgang på eigen fadder.

Praktisk køyreeksamen etter nærare avtale. Denne er inkludert i prisen.

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil du få maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Komande kurs