Kurset gjev godkjend HMS-kompetanse:

  • Oppfyller krav frå styresmaktene om HMS-opplæring for leiar (§ 3-5 AML).
  • Grunnleggande innføring i systematisk HMS-arbeid.
  • Er knytt opp til KSL-standardane, konkret og praktisk om HMS på din gard.

Innhald:

  • Skade og ulukkesrisiko i landbruket
  • Kartlegging av arbeidsmiljø, risiko, SJA, tiltak og rutinar
  • Ergonomi/ psykisk helse
  • Brann- og el-tryggleik
  • Kjemisk og biologisk arbeidsmiljø
  • Fysisk arbeidsmiljø, støy/ vibrasjonar, lys, ventilasjon
  • Arbeidsgjevaransvar/ opplæring/ beredskap/

Omfang: Kurset er i tre delar, i alt 12 timar.

  1. Rettleiing, motivasjon, grunnleggande om HMS - Teams med lærar, (3t)
  2. E-læring, eigenstudie på internett med fagstoff, oppgåver og testar + vernerunde
  3. HMS i praksis, drøfting av vernerunde, risikovurdering, rutinar, meir om beredskap - Teams med lærar, (3 timar)