Prisen er inkludert kursmateriell og eksamensgebyr (eks mva):
- Pris for medlem kr 2200
- Pris for andre kr 3500
- Pris for tilsendt bok kr 100 (porto)
Autorisasjonskurs i tiltak mot smågnagarar
Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel.
Vilkåra for å få autorisasjon for kjøp og bruk av gnagarmiddel er at ein:
Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette.
Fagleg sett er det same innhald som autoriserte skadedyrfirma må ha når det gjeld gnagerdelen. Kurset har fokus på integrert skadedyrbekjemping. Det betyr at gnagerproblematikk må førebyggast og løysast med feller og andre tiltak først. Gift er siste utvei. For å kunne drive integrert skadedyrbekjemping treng vi å kunne litt om biologien til skadegjerarane. Under kurset lærer du om åtferden til gnagarar og om korleis ein skal drive førebygging.
Statsforvaltaren og/eller landbrukskontora administrerer ordninga saman med Mattilsynet, og er ansvarleg for eksamen og utsteding av sertifikat. Sertifikatet varer i ti år og må fornyast med nytt kurs.
Lærebok: Kurskompendie vert sendt ut på e-post umiddelbart, i eposten som stadfestar påmeldinga. De treng ikkje skrive ut dette då alle som ynskjer det, kan få tilsendt heftet i bokform. Det kostar kr 100,- i porto å få tilsendt heftet i posten.