For å kunne bruke plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein annan arbeidsplass, må du ha autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel. NLR Vest arrangerer obligatoriske kurs årleg i januar og februar.

Teoridelen er obligatorisk for dei som skal fornye autorisasjonsbeviset. Vi tilrår òg at dei som tek beviset for fyrste gong følgjer teorikurset.

Den praktiske delen er obligatorisk for alle som tek beviset for fyrste gong.

På praksiskurset legg vi vekt på helserisiko og verneutstyr, innstilling av sprøyta og sprøyteteknikk, og korleis rekne ut rett mengde plantevernmiddel som skal nyttast. Før praksiskurset er det nyttig om du har sett deg godt inn i teorien. Du kan velje om du vil fylgje teorikurset til NLR Vest eller lese teorien på eigen hand.

På teorikurset får du ein munnleg gjennomgang av pensum med ein av rådgjevarane våre. Det vert nytta døme frå gode og praktiske løysingar, undervist i riktig bruk av plantevernmiddel og gitt generelle tilrådingar. I frukt - og bærdistrikta vert fleire av døma knytt opp mot desse kulturane, medan i grovfôrområda fokuserer vi på eng og attlegg.

Kvart 10. år må autorisasjonsbeviset fornyast. Dette kan gjerast gjennom NLR Vest sine teorikurs, med påfølgjande eksamen, eller det kan takast som eit nettbasert kurs i regi av Mattilsynet.

Vel møtt til lærerike kurs.

Du kan lese meir om autorisasjonsordninga på Mattilsynet sine nettsider: Autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidler | Mattilsynet

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:

Mari Aker: mari.aker@nlr.no mobil:98245840