Invitasjon til fagmøte i prosjektet «Lønsemd i småfehald som eit verkty mot tap av landbruksareal».
Sogndal kommune i samarbeid med lokallag av Sau og Geit har fått prosjektmidlar til eit arbeid for å få tatt i bruk beiteareal som er gått ut av bruk. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med NLR Vest. Målet med prosjektet:
- Stoppa nedgangen i landbruksareal i drift
- Oppretthalda talet på beitedyr i kommunen
- Auka lønnsemda for småfebønder gjennom betra driftsplanlegging og auka beitebruk.
Prosjektet skal gå i perioden september 2022-september 2023. Vi legg opp til fleire samlingar både ute og inne på ulike stader i kommunen. Hausten 2022 vart det arrangert markdagar, og no inviterer vi til fagmøte. Gjennom heile prosjektperioden vil vi tilby hjelp med oppfølging av planar.
Tidspunkt og stad for fagmøte før lamming:
Onsdag 1. mars kl 19.00 på Lægreid Hotell i Sogndal
Onsdag 15. mars kl 19.00 i 3. etasje i Holmatunet i Balestrand
Program:
- Gjer deg kjend med gardskartet og dei ulike arealklassane på din gard, sjekk om du areal som kan ryddast.
- Kva tiltak må gjerast, døme på ein SMIL søknad.
- Kva finst av økonomiske stimuli?
- Økonomisk fordel av å ta i bruk meir areal.
- Orientering om tilbod og hjelp vidare i prosessen.
Enkel servering!
Helsing
NLR Vest v/Marit Henjum Halsnes,
Guro Bakkerud, Sogndal kommune
Johannes Gunvordal, Sogndal Sau og Geit
