Vi høyrer om mange gode tiltak som kan gjerast for å redusere klimagassutsleppa, men som husdyrprodusent treng vi meir konkret fagkompetanse for å kunne gjere dei rette vala. Difor har Hyllestad og Fjaler bondelag teke initiativ til denne fagdagen.

Skal vi investere i biogassanlegg, separering, stripespreiar, nedfellar eller er det andre lure løysingar for handtering og lagring av husdyrgjødsla?

Velkommen til fagmøte i Fjalerhuset i Dale mandag 20. mars kl. 10-14

Program:

10.00: Velkommen! Klimautfordringar og tiltak i landbruket. Ved Magne Norddal, Hyllestad og Fjaler bondelag

10.15: Kvifor er husdyrgjødsla vanskeleg i klimasamanheng? Korleis bruke husdyrgjødsla på ein best mogeleg klimavenleg måte? Ved Synnøve Rivedal, NIBIO

11.00: Korleis jobbar kommunen med klimaoppgåver? Er det lokale områder med større utfordringar? Kva tilskotsordningar eksisterer i dag for handtering og lagring av husdyrgjødsel? Stripespreiing - kor vanleg er det? Landbruksforvaltninga i Askvoll, Fjaler og Hyllestad

11.30: Lunsj

12.15: Biogass – kva er det? Korleis kan biogass vere ein del av klimaløysinga i landbruket? Er det økonomi i å byggje eit biogassanlegg for eit vestlandsbruk? Mari Aker, NLR Vest

13.00: Beinstrekk

13.15: God utnytting av husdyrgjødsla løner seg. Er det lønsamt å auke lagerkapasiteten og spreie all husdyrgjødsla før 10. august? Kor langt kan ein transportere husdyrgjødsla sett opp mot klima og økonomi? Arve Arstein, NLR Vest

13.40: Avsluttande diskusjon

Blekksprut Foto DA Eide