Vi set fokus på fôrkvalitet, kostnader, arbeid og plastforbruk ved ulike metodar for ensilering av gras.

Fagdagane er spesielt aktuelle for bønder som vurderer ulike metodar for ensilering. Er det aktuelt å gå over frå rundball til silo? Kva slags faglege og økonomiske utfordringar vil ein stå overfor? Rundballar er svært mykje brukt på Vestlandet, og metoden er fleksibel. Men det er stadig fokus på plastforbruket. Mange stiller spørsmål om det er lurt å bygge tårnsilo i staden for å bruke rundballar. Det er også fokus på enklare siloløysingar som plansilo og stakk.

Program for dagane:

  • 10.00 – 10.15 Velkomen
  • 10.15 – 10.45 Tårnsilo og/eller rundballar, beste praksis, v/ rådgjevar økonomi i NLR Vest
  • 10.45 – 11.15 Mekaniseringslinjer ved ulike metodar for ensilering av gras, v/ rådgjevar presisjonslandbruk NLR.
  • 10 min beinstrekk
  • 11.25-11.45 HMS ved ensilering av gras, ved rådgjevar HMS i NLR Vest
  • 11.45 – 12.00 Spørsmål og drøfting
  • 12.00 – 12.45 Lunsj
  • 12.45 – 13.15 Plansilo – praktiske erfaringar v/ Revuro Samdrift, mjølk, Kvinnherad ved Johannes Hjelmeland
  • 13.15 – 13.45 Stakksilo – praktiske erfaringar ved Torgeir Lavik, ammeku og sau i Bergen
  • 10 min beinstrekk
  • 13.55 – 14.15 Fôrkvalitet ved rådgjevar grovfôr, NLR Vest
  • 14.15 – 14.45 Kostnader per fôreining grovfôr ved ulike ensileringsmetodar, v/ rådgjevar økonomi NLR Vest
  • 14.45 – 15.00 Spørsmål, drøfting og avslutning

Program for utskriving finn du her

Påmeldingsfristar og seminaravgift:

Ved påmelding før 28. februar: seminaravgift kr 750,- (berre for medlemmer)

Påmelding etter 28. februar, seminaravgift kr 900,- for medlemmer, kr 1250,- for andre.

Endeleg påmeldingsfrist 7. mars

Fagmøtet vert arrangert i samarbeid med Vestland Bondelag og med tilskot frå Vestland fylkeskommune.

Fagmote Liv