Kjølsdalen Bondelag inviterer til kurs i Kjølsdalen Samfunnshus 30. november

Påminning vert sendt ut til påmelde ca. 3 dager før kursstart.

Digitalt kurshefte finn du i stadfestingse-posten du får når du melder deg på. Stadfestingse-post vert sendt til e-postadressa du registrerer i påmeldingsskjema.

Stad: Kjølsdalen Samfunnshus

Tid: 30. november kl. 9:30-16:30

Kurset vert avslutta med eksamen

Påmeldingsfrist 23.11.22

Pris

Mus asmund

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel.

Vilkåra for å få autorisasjon for kjøp og bruk av gnagarmiddel er at ein:

  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom

Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette.

Fagleg sett er det same innhald som autoriserte skadedyrfirma må ha når det gjeld gnagerdelen. Kurset har fokus på integrert skadedyrbekjemping. Det betyr at gnagerproblematikk må førebyggast og løysast med feller og andre tiltak først. Gift er siste utvei. For å kunne drive integrert skadedyrbekjemping treng vi å kunne litt om biologien til skadegjerarane. Under kurset lærer du om åtferden til gnagarar og om korleis ein skal drive førebygging.

Statsforvaltaren og/eller landbrukskontora administrerer ordninga saman med Mattilsynet, og er ansvarleg for eksamen og utsteding av sertifikat. Sertifikatet varer i ti år og må fornyast med nytt kurs.

Lærebok: Kurskompendie vert sendt ut på e-post umiddelbart, i eposten som stadfestar påmeldinga. På kurs med oppmøte vert heftet delt ut på kurset. Det kostar kr 100,- i porto å få tilsendt heftet i posten.