Stroppetest 1
Stroppetest

Fagmøte med tema traktor og lastsikring i samarbeid med lokale bondelag, Statens Vegvesen og Politiet

Medverkande: Statens Vegvesen, Politiet og HMS-rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgiving Vest

Viktige emne:

  • Får eg sjå på stroppa di? Korleis ser den ut og kor gammal er den?
  • Test av stropper – praktiske tips om god og rett stropping
  • Kor tungt lass kan du køyre med på din traktor, din hengar og ditt førarkort?
  • Registreringspliktig hengar, eller ikkje?
  • Kva last kan du ha framme og bak på traktoren etter veg? Kor brei kan den vere?
  • Dispensasjonar? Førarkort? Viktige kontrollpunkt på traktor. Når skal blinkande lys nyttast?
  • Politiet si rolle i trafikken, mot eller medspelar? Ulike roller for Politiet? Kva kan eigentleg Politiet om traktor?
  • Korleis førebygge ulukker med traktor, traktoren sin «anatomi», skal lastar vere høgt eller lågt? Kva har du i førarhuset?
  • Setebelte, til plage eller redde liv?

Pris for fagmøte: Medlem kr 250, med HMS-avtale kr 200, andre kr 500

Rundballestropp
Rundballestroppe