Program:

  • Rydding av skog og kratt. Oversikt over tilskotsordningar v/ Landbrukskontoret i Sogndal
  • Gjerdehald: Fysiske og elektroniske gjerde - Erfaringsutveksling
  • Stell av innmarksbeite, ulike tiltak v/Norsk Landbruksrådgiving Vest
  • Kva skal til for å få arealet godkjent? v/Landbrukskontoret

Enkel servering.

Påmelding på SMS innan kl 12 dagen før markdagen til Guro Bakkerud, Sogndal kommune, mob. 46816163.

Markdagar prosjekt

Sogndal kommune, i samarbeid med lokallag av Sau og Geit, har fått prosjektmidlar til eit arbeid for å få tatt i bruk beiteareal som er gått ut av bruk. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med NLR Vest. Målet med prosjektet:

  • Stoppa nedgangen i landbruksareal i drift
  • Oppretthalda talet på beitedyr i kommunen
  • Auka lønnsemda for småfebønder gjennom betra driftsplanlegging og auka beitebruk.

Prosjektet skal gå i perioden september 2022-september 2023. Vi legg opp til fleire samlingar både ute og inne på ulike stader i kommunen. I haust vert det markdagar, og planen vidare er å arrangere fagmøte før lamming og eit avsluttande møte hausten 2023. Gjennom heile prosjektperioden vil vi tilby hjelp med oppfølging av planar.