NLR Vest inviterer til fagmøte med Karen Løvfall Våge frå landbruksavdelinga i Kvinnherad kommune. Ho orienterer om tilskotsordningar som kommunane administrerar.

Tid: Onsdag 5. oktober kl. 20.00 – ca. kl. 21:00

Stad: Teams. Lenke til møtet vert sendt ut kl 15.00 tysdag 4. oktober og kl 19.30 5. oktober (til alle). Påmeldinga vert bindande ved utsending av lenke. Påmeldingsskjema vert stengt ved siste utsending av lenka. Det vert ikkje gjort opptak av møtet.

Tema:

  • Informasjon om finansieringsordningar og tilskot som kommunane administrerer (litt variasjon frå kommune til kommune).
  • Kven kan søkje, kva kan vi finansiere og kva vi legg vekt på når vi behandlar søknaden.
  • Korleis kome i gang med finansieringssøknaden, korleis søkje, tips til søknadsskriving.
  • Kva vedlegg må følgje med søknaden?
  • Saksgang hjå kommunen.
  • Kva kan NLR Vest hjelpe deg med?
  • Tid for spørsmål

Pris: kr 200 (medlem)/400 (andre), pris er ekskl. mva.

Karen Lovfall