DAE grovforsituasjonen 2022

Som vi veit, så har sommaren vore utfordrande for vestlandsbonden. Rett nok i varierande grad, men alle har nok møtt regnvêret til feil tid fleire gonger i løpet av vekstsesongen. Rett etter pinse var det gode innhaustingsforhold for dei som kunne starte 1. slåtten då. Seinare blei det vanskelegare, aller verst vart det i ytre strok, og særleg på jord med høgt innhald av torv. To fine veker heilt på tampen av sesongen gjorde at svært mykje fôr blei hausta inn i siste liten. Dette blei svært avgjerande for mange!

Vi tilbyr no fagmøte der vi tek opp problemstillingane. Resultat av fôranalysar både frå 1. slått og 2. slått vert presenterte. Vi drøfter korleis grovfôr med ulik kvalitet best kan nyttast i fôrrasjonen til dyra og kva som er dei beste tiltaka om det totalt sett er for lite grovfôr. Det blir to like møte 26.10.22, eitt kl. 10:00 og eitt kl. 19:30. Møta blir på Teams.

Pris: Medlem kr 200, andre kr 400