I regi av prosjektet karbonfangst i Vestlandsjordbruket vert det arrangert tur til Jæren og Haugalandet. Turen med minibuss går frå Voss kl. 11.00 24. august og via Sauda med besøk på gard med allsidig produksjon m.a. mjølkeproduksjon på raudkolle og målretta beiting. Vidare til Stavanger med overnatting. 25. august blir det først besøk på Randaberg og økologisk mjølkeproduksjon, fermentering av husdyrgjødsel, overflatekompostering m.m. Vidare går turen nordover til Avaldsnes og besøk på bruk med ammeku og målretta beiting og bruk av nofence. Siste besøket blir i Skjold på bruk som driv mangesysleri, med m.a. Inn på tunet, regenerative dyrkingsprinsipp som redusert jordarbeiding, kompost og bruk av kompost-te. Tilbake til Voss ca. kl. 22.00. Det vert ein eigendel å betala.

Er du interessert eller har spørsmål ta kontakt med Gunnlaug Røthe på e-post: gunnlaug.rothe@nlr.no eller tlf.: 98245835

Påmeldingsfrist 9. august.

Karbon fagtur voss