JORDDAGEN - KONFERANSE PÅ GJERMUNDNES MANDAG 6.DESEMBER

Verdas Jorddag blir årleg, i regi av FN, markert i desember. Difor inviterer no Jordvern Møre og Romsdal for 5. gong til vår markering av dagen, i år ved å halda konferanse på Gjermundnes vidaregåande skule mandag 6.desember. Her vert det sett fokus på våre eigne jordvernutfordringar. Desse kan absolutt sjåast i samanheng med den globale miljø- og matforsyningssituasjonen. Verda er avhengig av lokal handling for løysing av globale utfordringar !

Programmet denne dagen blir ei god blanding av tema knytt til lokal arealforvaltning, bonden sin kvardag, agronomi, politikk og lovverk.

Av lokale utfordringar kan det t.d. nevnast at mange kommuneplanar no skal rullerast, at jordvern må prioriterast sterkare i samband med

veg- og bustadbygging, samt at det må setjast strengare krav til bruk, handtering og etterbruk av matjord.

For å setja særleg fokus på aktuelle tema har vi invitert Frank Madsøy og Gunvor Ytterstad frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Nils Sanden frå Midsund, Konrad Kongshaug frå Møre og Romsdal Bondelag, samt ordførarar eller andre representantar frå kommunane i Romsdal.

Program og orientering


Påmelding innan fredag 3.desember til moreogromsdal@jordvern.no eller tlf 909 54 787.

Med helsing

www.jordvern.no

Jordvern