Det er både auka interesse og behov for meir grønsaker for sal til lokalmatmarknaden i Vestland fylke, men det er stor variasjon i kor eigna jorda er til å dyrke grønsaker. Lokalklimaet, helling og jordsmonn er grunnlaget for val av produksjon, og på denne fagdagen er det jordsmonn og drenering vi skal lære meir om.

20210610 153237

God drenering er eit av dei viktigaste tiltaka for å legge til rette for vellukka grønsakdyrking. I tillegg til planlegging og vedlikehald av grøfter, skal vi på fagdagen gå gjennom kva for jordtypar du bør ha for å starte med grønsakdyrking og kva utfordringar du kan møte ved dyrking av grønsaker i myrjord. Vi skal og sjå på kva jordtypar som har god nytte av kompost, og andre tiltak for jordforbetring. Fagdagen vil og passe for deg som vil etablere ein frukt-og bærproduksjon.

Når: 3. november
Kvar:
Mo og Øyrane VGS, adresse: Movegen 30, 6819 Førde
Korleis:
Klasseromundervisning og markvandring
Påmelding:
Frist 1. november
Pris:
Kr 350,- (inkl. lunsj).


PROGRAM

09:00 – Kaffi og registrering

09:30 – Grøfting og andre dreneringstiltak i teori og praksis v/Trygve Torsteinsen, NLR Vest

12:00 – Lunsj

13:00 – Har eg riktig jord? Vurdering av jord til grønsakproduksjon (inkludert myrjord) – klassifisering av jord og praktiske tips, analyse av jordprøver v/Gunnlaug Røthe, NLR Vest.

14:00 – Utedel med praktiske øvingar v/Trygve Torsteinsen og Gunnlaug Røthe, NLR Vest.

16:30 – Slutt