20210531 123300

På tide å stikke fingeren i jorda!

No skal vi lukte, kjenne og undersøkje jorda!

Vi snakkar om jord og jordhelse, og om korleis du sjølv kan undersøkje jorda di. Vi grev i jorda og observerer. Vi skal kjenne på jorda, sjå og lukte, måle infiltrasjonshastigheit (altså kor fort vatnet sig ned i jorda) og sjå på og diskutere rotutviklinga av plantane. Vi vurderer jordstrukturen og ser etter pakka sjikt og evt. diskuterer tiltak for forbetringar.

Eigenskapane til jorda er avhengig av fysiske, kjemiske og biologiske faktorar. Alle tre er like viktige for god plantevekst!

Vi brukar nokre minutt på eit ekstra tema på slutten av samlingane.

Du kan møte opp der du finn det mest hensiktsmessig for deg.

Vi serverer kaffe, te og Twist.

Covid 19 - smittevern
Det er ikkje påmelding til markdagane, men vi noterer namn og telefonnummer til alle som er til stades av smittesporingsomsyn.

  • Ikkje kom dersom du ikkje er frisk (symptom på luftvegsinfeksjon)
  • Hald avstand
  • Vask hender før du dreg heimanfrå
  • Ikkje handhelsing
  • Vi har med sprit som vi brukar før vi startar og når vi avsluttar

Medlemsteneste- berre for medlemar.

Velkomen!


Veke 37

DatoKlokkaVert, StadInnhald i tilleggRådgjevar
13. september13.00- ca. 15.00Voss JordbruksskuleOppsummering av slåttenMaud Grøtta (Landbruk Nordvest), Gunnlaug Røthe
14. september10.30- ca. 13.00Norheimsund: Anders Sæleset

Sælesetvegen 98, 5600 Norheimsund

Oppsummering av slåtten

Beitepussing med Brielmaier

Maud Grøtta (Landbruk Nordvest), Helena Elvatun
14. september14.30- ca. 16.30Ulvik: Einar Langballe

Øvre Lekve 5, 5730 Ulvik

Oppsummering av slåttenMaud Grøtta (Landbruk Nordvest), Gunnlaug Røthe
16. september13.00- ca. 15.00Fusa: Bente og Kjell Øpstad.

oppmøte ved Fusa kyrkje

Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge
17. september13.00- ca. 15.00Tysnes: Onarheim Fellesfjøs, Ole Langeland

Flakkavågsveien 170, 5694 Onarheim

Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge
18. september11.00- ca. 14.00Fitjar: Odd Jarle Tislevoll

Rimbareidvegen 108, 5419 Fitjar

FjøsopningTorleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge

Veke 38

DatoKlokkaVert, stadInnhald i tilleggRådgjevar
20. september15.00- ca.17.00Bømlo: Ola Steinsland

Finnåsvegen 41, 5440 Mosterhamn

Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge