Måndag 6. september får vi besøke NLR Innlandet. Dei har laga eit fagprogram for oss der vi får nyte godt av lokale rådgjevarar sine kunnskapar om teknikk, prosjektering og innkjøp av vatningsanlegg. Forhandlaren Brødrene Freberg kjem med teknisk kompetanse. Det blir også gardsbesøk hos Hans Blakar.

Vanningsanlegg
Foto: Sigurd Eggen

Vi inviterer med oss alle interesserte til fagtur. Reise blir i privatbilar. Dagen startar med oppmøte i Lom kl 11.00. Lunsj kl 13 er inkludert i prisen. Programmet held fram etter lunsj og er ferdig kl. 17.00.

Vi legg til rette for felles middag for eiga rekning ved programslutt, for dei som ønskjer det.

Prisinfo og påmelding
Prisen er sett 1100,- kr for medlemmar og 1850,- kr for andre (ved minst 10 deltakarar). Kontaktperson hjå NLR Vest er Marit Henjum Halsnes 415 11 774. Påmeldingsfrist onsdag 1. september. I påmeldinga, gje beskjed om du er interessert i samkøyring og i felles middag etter programslutt. Eventuelle allergiar må vi også få beskjed om.