KSL og forsikringsselskapa krev sertifikat for utføring av varme arbeid. Dette gjeld også bønder på eigen gard, og eventuell brannvakt.

Brann kan fort oppstå ved utføring av varme arbeid. Den som utfører slikt arbeid, skal ha innsikt i brannrisiko,og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Varme arbeid er arbeid med utstyr som kan gje gneistar eller varme nok til å tenne ein brann.

Brannslokking

Kurset tek føre seg:

  • Sertifiseringsordninga for brannvern ved utføring av varme arbeid
  • Gjeldande regelverk/sikkerheitsforskrift og arbeidsinstruks
  • Brann- og sløkkjeteori
  • Risiko ved utføring av varme arbeid
  • Eksamen

Sløkkeøving er obligatorisk, og vert organisert utifrå påmeldinga.

Tilgang til lærebok og arbeidshefte vert gitt digitalt, eksamen vert og gjennomført digitalt.

Prisar: 2200,- full pris

1500.- NLR medlem

1300,- NLR medlem med HMS avtale

Sløkkeøving: kr 500.-

Fullført kurs med godkjent eksamen gir sertifikat for varme arbeid utferda av Norsk Brannvernforening.

Kurslærar:
Kolbjørn Taklo, seniorrådgjevar HMS. Kolbjorn.taklo@nlr.no Tlf 91396560.

Påmeldingsfrist 4 dagar før oppstart.