Det våte klimaet, kombinert med mykje myrjord, har alltid gjort at det er krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar, med meir ekstremver og nedbør i vekstsesongen, har gjort det endå vanskelegare. Fleire bønder klarar likevel å lukkast sjølv i uår med mykje ekstremver. Kva slags tiltak gjer desse bøndene for å møte klimaendringane og korleis vidareformidle desse erfaringane på ein god måte?

Landbrukskontor og rådgjevingstenesta føler ofte at ein manglar verktøy for å formidle kunnskap til bøndene på ein enkel og effektiv måte. Klimatilpassing er eit stort og vidt begrep, og ein treng praktiske døme for å vise kva dette vil seie. For å nå målet, er det planlagt å formidle dei erfaringsbaserte tiltaka gjennom videosnuttar der ein syner bønder som gjer dette i praksis. Gjennom video kan ein tydeleg få vist både korleis og kvifor ein bør gjere ting på andre måtar for å tilpasse seg endringane i klimaet. Ved å ta i bruk sosiale media og video, kan erfaringsbasert kunnskap frå bønder gjerast tilgjengeleg for andre bønder.

Prosjektet "Praktiske klimatiltak i landbruket i Meland" handlar om klimatilpasning basert på lokale tilhøve. Gjennom prosjektet ønskjer ein å samle erfaringar frå aktive bønder og forsking for å finne praktiske tiltak som har overføringsverdi til andre bønder i kommunen og regionen. Dette har ein gjort via "Klimabonden", ei rekke småfilmar der Klimabonden viser korleis dette kan gjerast i praksis, og kva som er lurt å vere bevisste på. Målet er å dele erfaringane og dei praktiske tiltaka på ein lett tilgjengeleg måte til inspirasjon og lærdom for andre.

OM PROSJEKTET

Klimabonden: Grøfting

Klimabonden: Køyremønster

Klimabonden: Stripespreiing

Klimabonden og jordpakking: Forholdet mellom luft og vatn

Klimabonden og jordpakking: Spadeprøve i Vestlandsjord

Klimabonden og jordpakking: Grasartar

Klimabonden: Driftsveier

Scroll nedover biletet under for å sjå interaktiv brosjyre: