Andelsbruket bortom elva

15.01.2020 (Oppdatert: 15.01.2020)

PRODUSER DIN EIGEN MAT MED NY VESTLANDSMODELL

Andelsbruket bortom elva er eit samarbeid mellom to gardar på kvar si side av Myrdalselva i Masfjorden i Nordhordland.

Her inneheld andelane mykje spennande; kjøt av villsau og suffolk, frukt, bær, grønsaker og ved. I tillegg kan du nyte flotte naturopplevingar i fjord og fjell. Hjortejakt, laksefiske, sopp og ville bær er berre nokre av naturressursane vi ønskjer å dele med deg.

Vi legg stor vekt på trivsel og sosialt samvær i andelslandbruket, og vi legg til rette for at borna kan vere med. Vi kan tilby overnatting, og det er god plass for bubilar. Legg turen til Masfjorden i 2020, og bli med på utviklinga av andelslandbruket vårt!

Ta kontakt med:

Inge Håkon Sleire

ihsleire@live.no

99715032

Roy Rasmussen

royrasmus@gmail.com

91128226

 Facebook: Andelsbruket bortom elva

 

Dette får du:

Villsaulam:

Heilt lam m/skinn kr 3500,-

Suffolk-lam:

Halvt lam kr 2000,-

Bær-andel:

Ca 15 kg bær kr 1500,-

  • Tilgang på ved, frukt og egg
  • Vere med å lage til grønsaksåker, og dyrke dei grønsakene du ønskjer.
  • Vere med på gardsarbeid
  • Delta på sosiale arrangement

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.