Svinekjøtt med tilbehør - Osternes Andelslandbruk

15.01.2020 (Oppdatert: 15.01.2020)

PRODUSER DIN EIGEN MAT MED NY VESTLANDSMODELL

Osternes Andelslandbruk held til på garden Tuftaland Litle, nord på øya Stord. Her møter du lukkelege grisar som lever ute heile året. Vi har Mangalica (ullgris) som er ein sakteveksande rase som gir eit eineståande og unikt kjøt. I tillegg til grisane våre har vi sauer og lam, poteter, frukt og bær. Du kan også ta del i hausting og foredling av dei naturgjevne ressursane i nærområdet som fisk, sopp og andre ville vekstar. Vi er opptekne av å føre vidare kunnskap og tradisjonar frå fiskarbonden, og deler gjerne. Som andelshavar får du ta del i det gode livet på landet. Vi tilbyr overnatting til dei som trivst ekstra godt hos oss.

Har du lyst å vere med?

 

Ta kontakt med Sigrid Fangel

E-post: tuftalandel@gmail.com

Mobil: 480 94 634

Facebook: Osternes Andelslandbruk

Instagram: @tuftalandel

 

 

Dette får du:

Svin med tilbehør

Andel Svin: 1/4 gris kr 4500,-

Ta del i:

  • Urte- og Sopp-turar
  • Frukt og bær-hausting
  • Foredling/sylting
  • Fôring/kos/stell av dyr

Lam av Spælsau

Andel lam: kjøt av eitt heilt lam + skinnet, ferdig garva og stelt kr 4500,-

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.