Andelslandbruk – lokal mattryggleik i krisetider

06.04.2020 (Oppdatert: 06.04.2020) Lena Abel

Oppetveiten Økologiske Gard leverer ut starter kit til sine nye andelseigarar. Foto: Sophie Hysing-Dahl Døsvik.

 

Nærast over natta oppstod ein situasjon vi aldri hadde kunna førestilt oss skje i Noreg: Skular og barnehagar vart stengde. Dei fleste av oss måtte innretta seg på heimekontor og styresmaktene bad folk halde seg heime ved mistanke om sjukdom. Fleire starta hamstring av varer, og usikkerheita rår.

Så kva med mattryggleiken? I følgje Folkehelseinstituttet (FHI) er det per i dag ikkje noko som tilseier at det er risiko knytt til kjøp av varer frå område med utbreidd spreiing (1). Vidare seier Tolletaten at all transport av varer, import og eksport, som ikkje inneber frakt av passasjerar, skal gå som normalt (2).

Likevel ser vi aukande økonomisk verknad av koronavirus-krisa, og ingen veit korleis det ser ut om ei veke, ein månad eller eit år. Å auke sjølvforsyninga og tilgangen til lokalprodusert mat kan vere eit bra tiltak i krisetider. Ein måte å få tak i lokalprodusert mat er gjennom eit andelslandbruk.

I andelslandbruk, eit samarbeid mellom bønder og forbrukarar, deler ein risiko, arbeid og avling. Forbrukarane er med i produksjonen av eigne varer, og kan følgje maten heile vegen frå jord til bord. Samstundes medverkar modellen til økonomisk garanti for gardbrukar, som får same inntekt uavhengig av sesongvariasjonar, fordi forbrukarane har betalt for varene i starten av sesongen. I Noreg er det mest vanleg for andelslandbruka å produsere grønsaker. I prosjektet «Vestlandsmodellen for andelslandbruk», testar vi modellar for lam, gris og storfe, og frukt og bær. På den måten kan vestlandsbønder drive med den driftsforma som passar for garden deira og utnyttar lokale ressursar.

Det blir ei utfordring for dei nystarta andelslandbruka å halde oppstartsmøte og få andelseigarane til å kome på felles arbeid. Sosialt fellesskap, fellesarbeid og kunnskapsutvikling spelar ei viktig rolle i andelslandbruk. Så lenge sosial distansering er nøkkelen til å halde seg sunn og hindre spreiing av viruset, må vi tenkje på førebelse løysningar. Det kan vere aktuelt å dele opp arbeidet, slik at ulike personar kan arbeide til ulike tider eller i små grupper som ikkje jobbar tett på kvarandre. I tillegg må vi vere endå flinkare til å bruke sosiale media! Tett dialog mellom bønder og forbrukarar kan føregå på telefon. Oppretting av ei Facebook- eller Whatsapp-gruppe (gratis) kan medføre deling av tankar, bilete og idear, noko som kan vere greitt for dei som kjenner ekstra på einsemd i disse tider. Det er veldig viktig at alle følgjer retningslinjer frå FHI og myndigheitene for korleis arbeidet gjennomførast på ein sikker måte som hindrar smitte.

I Arna i Bergen er det to andelslandbruk. Oppetveiten Økologiske Gard, som sel andelar i økologiske lam og grønsaker, startar opp no i vår. Dei har levert ut "starter kit" til sine nye andelseigarar. Dette er ein pakke med dyrkingskasse, jord og frø, som dei deler ut til dei som har kjøpt andelar dette året.

Som resten av landbruket i Noreg står Solneset Gard ved inngangen til ein ny sesong, som er den mest arbeidsintensive tida. Dei har ingen av andelseigarane inne no, og oppstartsmøtet er avlyst. Gardbrukarane har sett mest mogleg frø sjølve for å ale opp planter til årets avling. Uansett reknar dei med at det må kjøpast planter i tillegg, då dei ikkje klarer å dyrke nok planter utan hjelp av andelseigarane. Vidare skal utplantinga føregå i starten av mai. Det er enno ikkje sikkert om det er trygt å samlast då heller. Det kan medføre at plantinga må gjerast av tilsette på garden. Mange bønder i landet står overfor det same problemet: Dei må innan nokre veker avgjere om dei skal så. Dersom dei ikkje har arbeidskraft nok til å hauste, risikerer dei store tap.

Vi ser sterkare enn nokon gong verdien av norsk matproduksjon og verdien i å kunne ta ansvar for maten sjølv. Å vite kor maten kjem frå og korleis den er produsert, er viktig i utrygge tider.

Gjennom Vestlandsmodellen kan sjølvforsyningsgraden av jordbruksvarer auke: andelseigarane kan få både grønsaker, kjøt og frukt i same andel, eller velja ut frå ulike andelar levert av same bruk. Fleire av dei nye andelslandbruka foredlar produkta dei produserer. Frukt og bær vert til saft og syltetøy, kjøt vert salta, røykt og tørka. I tillegg held nokre av andelslandbruka kurs i konservering. Frysing og konservering av varene aukar lagringstida. Dermed blir sjølvforsyningsgraden auka ut frå andelane ein kjøper i avlinga.

Å vere andelseigar gir deg tilgang til ferske, lokale produkt direkte frå lokalområdet ditt. Det gjer deg også førebudd for eventuell minkande import av matvarer.

I tillegg til dei i Arna, finst det følgjande tilgjengelege andelslandbruk i Vestland fylke:

Breievne Gard, Kvam, tilbyr andelar i bær, men sel og frukt, grønsaker, foredling og overnatting.

Storastovo på Fykse i Kvam tilbyr andelar i frukt og lam, og kan foredle begge deler for dei som ønskjer det.

Andelsbruket bortom elva er to gardar som ligg på Sleire i Masfjorden. Dei tilbyr andelar i lam, frukt og bær, grønsaker og ved.

Nedre Helland Gard på Tysnes tilbyr andelar i storfe og grønsaker, og gøye aktivitetar for born.

Osternes Andelslandbruk på Fitjar tilbyr andelar i Mangalica gris og lam, samt litt frukt, bær og grønsaker. Dei tilbyr også soppturar, fisketurar og mykje anna spennande.

Her er det ulike gardar og ulike tilbod, og mykje gøy, der dei fleste kan finne noko som passar for dei.  

Elles finst og andelslandbruk i Ulvik, på Stord og i Førde.  

Les meir om andelslandbruk:

På Facebook: Vestlandsmodell Andelslandbruk – Interessentgruppe

NLR Vest - Vestlandsmodellen

Økologisk Norge - andelslandbruk.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.