Storfe i andelslandbruk - Nedre Helland Gard

15.01.2020 (Oppdatert: 15.01.2020)

PRODUSER DIN EIGEN MAT MED NY VESTLANDSMODELL

Nedre Helland Gard ligg nydeleg til på Helland på Tysnes, med både fjell og fiskevatn på garden. Her er det mogleg å få andelar i storfekjøt av Skotsk Høglandsfe. I tillegg er garden i ein startfase innanfor grønsaksdyrking og eggproduksjon, slik at andelskjøparar første året får vere med på planlegging og kan kome med ønskje om kva som skal dyrkast. På Helland vert det lagt stor vekt på det sosiale i andelslandbruk, og tilrettelagt spesielt for barnefamiliar. Det vert morosame tilstellingar ved høgtider, der aktivitetar for borna vert det sentrale.

Freistar det med godt storfekjøtt og mykje moro for borna? Bli med, då vel!

Ta kontakt med

Vegard Helland

E-post: vegard.helland@hotmail.com

Mobil: 906 05 106

Facebook: Nedre Helland Gård

 

Dette får du:

Ca. 20 kg reint kjøt

Vere med å lage til grønsaksåker, og dyrke dei grønsaker du vil

Vere med på sosiale aktivitetar sommar og vinter, med morosame aktivitetar for borna

Pris per andel kr 4000,- + litt fellesarbeid

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.