
PRODUSER DIN EIGEN MAT MED NY VESTLANDSMODELL
Andelslandbruk på Breievne har jordbær og bringebær i andelar sesongen 2020. Breievne er eit typisk sjølvbergingsbruk på Omastrand i Hardanger, med mange ulike produksjonar. Medan mange vel å slutte med jordbærdyring, vel vi å utvide produksjonen. I 2020 er det berre 1 dekar åker igjen på friland. Dette skal haustast for siste gang, og vidare drift blir i tunnelar og opphøgde bord.
Som andelsbrukar får du nyte godt av fersk avling, og du får i tillegg delta i drifta på fellesdagar i vårarbeidet. Du får kjenne på korleis både ein tradisjonell åker på friland, og ein moderne jordbæråker, ter seg. Jordbærsesongen startar i midten av juni. Vi har Glamping-telt til overnatting, og flott fjøre for leik og bading.
Husk på at jordbærsesongen, haustetida, ofte er ferietid, kva med å bruke litt av ferien til å være jordbærbonde? Beste tida i året!
Ta kontakt med Anne Lise Breievne!
E-post: breievnegard@gmail.com
Mobil: 926 51 425
Facebook: Breievne Gard, Omavegen 44, 5632 Omastrand
Dette får du:
Jordbær ca 25 kg
Bringebær ca 10 kg
1.prioritet på å kjøpe frukt, grønnsaker og foredle frukt og bær.
1.prioritet på overnatting
Være med på fellesarbeid og sosiale aktiviteter
Pris fra 3000 / andel
Hovudfoto: Arne Fykse
Norsk Landbruksrådgiving Vest SA
Postboks 197, besøksadresse Krånavegen 5, 6822 Sandane
Telefon: 98245838
E-post: vest@nlr.no
Org.nummer: 917158134