Er regenerativt landbruk aktuelt for Vestlandet?

05.02.2020 (Oppdatert: 05.02.2020) Gunnlaug Røthe

Omgrepet regenerativt landbruk vert brukt om tiltak som skal betra jordhelsa og verka positivt på klima. Det er brei semje om at rikt jordliv og god jordstruktur er viktig for plantevekst og klimapåverknad. Korleis ein kan oppnå dette, er det delte meiningar om. Forsøk og utprøvingar under vestlandske veksttilhøve vil visa kva tiltak innan regenerativt landbruk som kan vera ei løysing.

Kurs i regenerativt landbruk

I byrjinga av november vart det arrangert kurs i regenerativt landbruk på Voss med fokus på jordhelse i dyrking av grovfôr og frukt. Arrangør var prosjektet "Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak i Vestlandsjordbruket" som er eigd av Voss kommune.

God drenering viktigast på Vestlandet

Samson Øpstad innleia kurset med å fortelja om jorda på Vestlandet. Han peika på at silthaldig jord dominerer, og utfordringa er å få til ei god drenering. Høgt moldinnhald (og dermed høgt innhald av jordkarbon) er eit resultat av driftsmåten på Vestlandet, med mykje langvarig eng. På jord med lågare moldinnhald; til dømes dyrkingsjord, er det potensial for å auka innhaldet av organisk materiale.  

Oppbygging av fruktbar jord

JM Vibhoda Holten frå Vital Analyse og Martin Beck, dansk-tysk rådgjevar, snakka om korleis byggja fruktbar jord. Dei legg stor vekt på å byggja humus og leggja forholda til rette for mikrolivet i jorda. Mikrolivet fungerer dårleg ved lågt humusinnhald og jorda har redusert evne til å halda på vatn og næringsstoff.

Ferment på husdyrgjødsel

Ubehandla blautgjødsel, eller gylle i større, mengde fører til ein "feil" mikroflora i jorda, ifølgje Beck og Holten. Husdyrgjødsla kan tilsetjast ferment i kjellaren. Ferment er diverse urter, melasse fermentert med ulike mjølkesyrebakteriar.

Forsøk på Norsøk på Tingvoll har samanlikna fermentert blautgjødsel med ubehandla. Etter lagring vart gjødsla analysert. Det var ingen sikker skilnad mellom behandla og ubehandla. norsok.no

Balanse mellom næringsstoffa

Beck og Holten er svært opptatt av balansen mellom næringsstoffa i jorda. Balansen mellom kalsium og magnesium meiner dei er særleg viktig. Jordanalysesvar etter Albrechtmetoden viser ofte at det er for lite kalsium og at dette næringsstoffet kan tilførast årleg med 15-25 kg granulert kalk per dekar – som kalsiumgjødsling. På Vestlandet er kalking med grovdolomitt (eller anna grovkalk) til ynskjeleg pH vanleg. Etter NLR Vest sine erfaringar, gjev ein slik praksis tilstrekkeleg med kalsium.

Minst mogleg jordarbeiding

I regenerativt jordbruk ynskjer ein å arbeida minst mogleg djupt i jorda, dette kan forstyrra forholdet mellom mikroorganismane.

Ved fornying av eng, tilrår Beck og Holten ei grunn fresing. På denne måten kuttar ein vekstpunktet til plantane i den gamle enga, og grønmassen blir blanda med jorda. Tilsetjing av ferment blir gjort for å omdanna grønmassen, og å hindra tap av nitrogen og karbon til lufta, ved at stoffa vert bundne i levande mikroorganismar. Ein kan så i "overflatekomposten" etter 3-10 dagar. Teorien er at overflatekomposteringa vil frigje næring til jordlivet og til veksten som vert sådd.

Biologisk mangfald

I grovfôrdyrkinga legg Beck og Holten vekt på å så frøblandingar som inneheld mange artar og sortar. Dette kan vera ulike grasartar, belgvekstar og urter. Det er viktig å bruka norske sortar som vi veit kan overleva frå år til år. Biologisk mangfald er eit prinsipp som er vanleg i økologisk landbruk.

Regenerativ også for fruktdyrking?

På kurset var det også ei særskilt samling om fruktdyrking etter dei regenerative prinsippa. Denne blei arrangert av Njøs Næringsutvikling, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland. Det vart sagt at frukttrea, grunna poding, ikkje har eit godt nok indre transportsystem. Planteval, handsaming og gjødsling/fermentering mellom trerekkene blir difor sett på som viktig. Likeså blir det hevda at ein skal kalka årleg som ei overgjødsling og bladgjødsla med ymse produkt m.a. silisium. Det blei påstått at jorda ofte er for pakka, inneheld for mykje kopar og at ugras og plantehelsesituasjonen kan lesast ut av Albrechts- og bladsaftanalysar. På denne måten kan t.d. bladlusproblematikk løysast ved rette næringstilhøve.

Metodar som vart lagt fram på kurset, samsvarar ikkje med erfaringane som NLR Vest har med fruktdyrking på Vestlandet og, som i jordbruk, manglar ein også i fruktmiljøet konkrete og etterprøvbare forsøk, ikkje minst tilpassa norske tilhøve. Dette må til før metoden allment kan tilrådast, elles kan dette bli dyrt, og mykje arbeid for å oppnå lite.

Aktuelt på Vestlandet?

Ulempa med det som vart lagt fram på kurset på Voss, er at det byggjer på utanlandske forhold, med anna jord, anna klima osv. Me kan ikkje seia at alt dette har effekt under vestlandske forhold, der langvarig eng er dominerande.

Prosjekt i gang

I karbonfangst-prosjektet vil ein gjennomføra forsøk og utprøvingar med tiltak som kan betra mikrolivet, jordstruktur, karbonstatus og auka avlingane. Det er til no teke ut ein del jordprøver for å analysera jordlivet i jorda i Voss og omland. Desse prøvetakingane med fleire vil bli følgt opp utover i prosjektperioden som går frå 2019 til 2023.

På Vestlandet er det generelt lite berr jord og jamt over bra med karbon i jorda. Likevel er det mogleg å auka innhaldet av karbon, gjennom auka rotvolum, og ikkje minst betra mikrolivet og jordstrukturen. Det vil vera positivt for avlingane og økonomien til bonden, og ikkje minst redusera utslepp av klimagassar frå landbruket. Spørsmålet er korleis ein skal gjera det. Kurset på Voss viste berre ein av retningane innanfor regenerativt landbruk.

 

Regenerativt landbruk

Omgrepet Regenerativt landbruk vart først brukt av eit amerikansk forskingssenter for økologisk landbruk. Ordet regenerere handlar om å reparera noko; i dette tilfelle jord som har vore driven intensivt over lang tid, der innhaldet av organisk materiale har gått tapt, og i enkelte tilfelle ført til forørkning. Døme på tiltak er tilførsel av organisk materiale, redusert jordarbeiding, auka biologisk mangfald og å unngå berr jord. Målretta beiting inngår også i omgrepet. Tiltaka må knytast til lokale forhold, men alle tiltak som tar vare på jord, er positive.

Jordanalyse etter Albrechtmetoden

Denne metoden er basert på arbeidet til ein amerikansk forskar, Albrecht, som utvikla analysemetoden på 1930-talet. Albrecht tok inn jord og utførte potteforsøk. Teorien til Albrecht var at dei pottene som gav størst avling hadde den beste balansen mellom næringsstoffa – og dermed var tilnærma den ideelle jord.

Må jorda mi analyserast etter Albrecht-metoden?

Me vil ikkje tilrå bønder å ta denne kostbare analysen. Innvendingane mot metoden er at den er testa ut på ein type jord, og at den ideelle samansetning av mineral kan vera ulik mellom ulike jordtypar med varierande moldinnhald.

Vanlegvis vert jordprøvene analysert etter standard metodar. Det vanlege er analyse for hovudnæringsstoffa (makronæring) mellom anna kalium, fosfor og kalsium. I enkelte tilfelle vert det også analysert for mikronæringsstoff som kopar og bor. Jordanalyse etter standard metodar gjev i utgangspunktet færre svar enn etter Albrecht-metoden, men i følgje professor Tore Krogstad ved NMBU, kan ein ut frå standard analysetal rekna seg fram til nokre av tala som vert oppgitt i jordanalysesvar etter Albrecht-metoden. Dei som gjev råd basert på Albrecth-analysar, gir ofte dyrkaren beskjed om å endra balansen mellom næringsstoffa i jorda. Skal ein følgja opp rådet som Beck og Holten gav, fører dette til fleire gongar ekstra køyring, meirarbeid og auka kostnader. Det er ikkje gjort forsøk som dokumenterer effekten på jord lik den vi har på Vestlandet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.