Regenerativt Landbruk på Voss

05.02.2020 (Oppdatert: 05.02.2020)

Bakgrunn

Klimagassutsleppa frå landbruket er store. På verdsbasis står landbruket for ca 17 % av dei totale globale utsleppa. Den største delen av utsleppa er knytt til produksjon av mjølk og raudt kjøt, som er dei viktigaste landbruksproduksjonane på Vestlandet. Dette er påpeika i mange medieoppslag den siste tida.

Landbruket må ta sin del av reduksjon av utsleppa av CO2 og andre klimagassar. Bøndene ynskjer å bidra positivt ved å redusere negativ klimapåverknaden av sin produksjon, og ser etter effektive tiltak.

Eit viktig klimatiltak er auka karbonlagring i landbruksjorda. Jorda inneheld to til tre gonger så mykje karbon som atmosfæren, og sidan arealet er stort, kan ein liten auke i karboninnhaldet i jord ha stor innverknad på karbondioksidinnhaldet i atmosfæren.

Det finst mange tiltak og fleire ulike driftsformar som vert føreslege for å auke karbonlagringa i jord, redusere nitrifiseringa og redusere klimapåverknaden frå produksjonen. Vi manglar kunnskap om kva for tiltak som er effektiv og mogleg å gjennomføre under det klima, dei jordtypane og dei driftsformane vi har på Vestlandet

I prosjektperioden skal ulike tiltak for å auke karboninnhald i jord, både einskild tiltak, og fleire tiltak saman prøvast ut. Fagseminar, lokale fagmøte og oppbygging av nettverk skal mellom annan sikre kunnskap og kompetansebygging om klimapåverknader og effektive tiltak for å redusere desse, for bonde, landbruksrådgjevar og - forvaltar sin.

Om bonden lukkast med klimatiltaka, vil det gje landbruket grøn konkurransekraft. Viktige føresetnader for at klimatiltaka vert vellukka, er god kompetanse, kunnskap og forståing av samspelet mellom jord, planter og jordbiologi, både hos bonden og dei fagpersonar han har rundt seg.

 

Effektmål

På sikt vil prosjektet bidra til å redusere negative klimapåverknader frå landbruket.

 

Resultatmål

Hovudmål:

Finne praktiske metodar for grovfôrdyrking på Vestlandet som aukar karbonlagring i jord, reduserer klimagassutslepp frå produksjonen eller som aukar den mikrobielle aktiviteten i jorda.

Delmål:

  • Framskaffe kunnskap om karboninnhald i jord
  • Framskaffe kunnskap om tiltak som effektiv aukar karboninnhaldet i jorda
  • Framskaffe kunnskap om korleis nye dyrkingsmetodar påverkar økonomien i drifta.
  • Framskaffe kunnskap om klimagassutslepp frå gardsbruk, mellom anna årleg variasjon
  • Auke bøndene, rådgjevarar og forvaltarar sin bevissthet, kunnskap og kompetanse om karbonlagring i jord, klimagassutslepp frå produksjonen og om korleis jordstruktur og jordhelse påverkar dette.
  • Opprette nettverk og diskusjonsforum med fokus på klimavenlege tiltak.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.