Kompetanseprogram fjørfe

20.06.2019 (Oppdatert: 20.06.2019) Ester Helland

Dei 24 første deltakarane på Kompetanseprogram Fjørfe, og Prosjektleiar Elisiv Tolo frå Animalia.

Historisk kurs på Bjørkheim

Norsk Landbruksrådgiving Vest og Animalia har skapt historie. 28. august 2018 gjekk pilotkurset for Kompetanseprogram Fjørfe av stabelen, med heile 24 deltakarar.

Det heila starta 20. januar 2017. Etter kurset SNOP (NLR Vest sitt kurs i Strategisk Nærings- og Produksjonsutvikling i Hordaland) i 2016 tok ein av deltakarane, Jan Magne Meling frå Meling Gardsmat på Bømlo kontakt med kursleiaren frå NLR Vest, og undra på om ho kunne hjelpe. Han ville starta med slakt og omsetjing av fjørfe frå eigen produksjon, men fann ikkje noko kompetanseprogram å ta. Det eksisterte nemleg ikkje.

NLR Vest tok kontakt med Animalia, og fekk til ein avtale: Dersom NLR Vest klarte å skaffa finansiering, ville Animalia utarbeide eit kompetanseprogram og søkje Mattilsynet om godkjenning.  Det var ei positiv gruppe av finansieringspartar;  Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Kompetansenettverk Lokalmat Vest, og Kvam Herad støtta prosjektet.

20. februar 2018 var opplegg og innhald for kompetanseprogrammet klart og Animalia kunne sende søknad om godkjenning til Mattilsynet. Kurset skulle gå over to dagar, med to forkurs som måtte vere bestått før oppmøte. Etter nokre presiseringar av enkelte område, vart programmet godkjent, og NLR Vest kunne invitere til pilotkurs på Bjørkheim. Kro og Motell 28. og 29. august.

"Eg kjeda meg ikkje eit sekund"

Deltakarane gjekk gjennom to spennande og lærerike dagar, med dyktige førelesarar frå Animalia. Tilbakemeldingane var positive over heile linja, og tida gjekk fort. Ein del teori var det, mykje informasjon og mykje som skulle peikast på. Etter kvart tema, vart det «Kahoot» (Quiz) med spørsmål der kvar og ein la inn svara sine via smarttelefon. Dei som svara rettast og raskast vart løna med applaus.

Til den praktiske delen av programmet kom det høner frå Homlagarden i Norheimsund, ferdig avliva, klar til obduksjon. I grupper på to og to, fekk kvar gruppe ei høne på deling, som nøysamt vart skoren i, slik at innvollane vart avdekka. Kvart organ vart lokalisert og identifisert, og form, farge og storleik vart notert i eit skjema. Dei to veterinærane frå Animalia sørgde for at alle fekk det til, og svara på spørsmål undervegs.

Kurset vart avslutta med skriftleg eksamen. Vi gratulerer alle deltakarar med kompetansebevis.

Kathe Kittelsen og Elisiv Tolo frå Animalia var forelesarar på kurset, saman med Tone Beate Hansen, som ikkje var til stades då bildet vart tatt.

Hjå Gunn-Torill Solheim Lien og Torgrim Buskeland på Lien Småbruk på Bømlo kan du snart kjøpe kjøt av  både Vaktlar og anna fjørfe.

Snart kan folk i Kvinnherad kjøpe ureist fjørfe hos Tina Eik i Rosendal.

Ynskjer du deg kompetansebevis for hald og slakt av fjørfe? Animalia arrangerer årleg kurs i Oslo. Interesserte kan ta kontakt med elisiv.tolo@animalia.no 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.