Vinterskade, tørke og eittårig raigras i Angedalen

03.09.2018 , Arve Arstein

Angedalen er ei flott jordbruksbygd i Førde kommune, som strekkjer seg frå Tefre i Førde og 15 km austover til Botnen inst i dalen. Det er eit aktivt og godt jordbruksmiljø i bygda, og bøndene har tradisjon for å fornye enga si oftare enn det som ein kan definere som "det normale" i Sunnfjord. Angedalen er kjend for mykje nedbør; i eit vanleg år regnar det frå 2500 mm til 3000 mm. Sidan gardane inst i dalen ligg på 220 m.o.h., er dei vel vande med mykje snø og sein vår – og vinterskade i enga

Det er 8. juni, det er tørt i Angedalen og graset held på å svi vekk. Ole André Sønnervik (t.v.) og Erik Bruland konstaterer at det er berre å starte slåtten.

Våren 2018: Vinterskade og tørke

Ole André Sønnervik er 32 år, agronom og bonde på 8. året på garden Angedal nesten inst i dalen. Han deler hus med sambuar Monica og sonen Ola på 1,5 år. Dei har 16-18 kyr på bås, kvote på 153 tonn, og eige og leigd slåtteareal er på 135 dekar. 35 sau har dei også. Knapt med grovfôr til buskapen har vore regelen, men Ole André har ein klar plan for å auke avlinga med høgare fornyingstempo og nydyrking. Samarbeidet med kamerat Erik Bruland, som også avslutta agronomutdanning for vaksne på Mo våren 2017, er givande og effektivt.

Snødekke var langvarig i vår; det var ikkje tøya før tidleg i mai, og det var ikkje råd å komme ut på med husdyrgjødsel før 13. mai. I tillegg vart det køyrt ut 30 kg OPTI NS pr daa. Etter dette vart det varmt og tørt heilt til 15. juni (jf. tabell).

 

Tidleg førsteslått

Då underteikna var innom Angedalen 8. juni, var graset kort og kraftig tørkestressa. Det var også lett å sjå at vinteren hadde gjort stor skade i enga. Det var to skifte med andreårs eng som var mest skadde. Enga var tynn, og det var flekkvis svart jord utan plantevekst. Konklusjonen etter synfaringa var at graset måtte raskast mogeleg av rot, og areala burde direktesåast med westerwoldsk raigras.

 

Direktesådd raigras

Slåtten vart svært fort unnagjort den 12. juni (20-25 % av normalt), og dagen etterpå fekk Ole André ein nabo til å så inn 3 kg westerwoldsk (eittårig) raigras med Einbøck direktesåmaskin i to skifte med andreårs eng. Alt sådd areal vart tromla. Husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart køyrt ut rett i etterkant, og i den neste veka kom det over 160 mm nedbør inst i Angedalen.

 

Einbøck direktesåmaskin.

 

All nedbøren frå 15. til 20. juni gjorde underverk. Graset kom raskt i gang att etter slåtten, og det nysådde raigrasfrøet spirte raskt. Ved synfaring 28. juni var det lett å sjå raigrasspirene på dei opne jordflekkane (sjå bilete under). Dette teikna svært bra for avlingspotensialet på seinsommar og haust.

 

28. juni: Westerwoldsk raigras sådd 13. juni spirer fint der vinterskaden har etterlate svart jord.

Tørke på nytt i juli

Etter den våte veka frå 15.-20. juni vart det på nytt ein månad med ytterst lite nedbør. Ole André køyrde andreslåtten i silo 23.-24. juli og var bra fornøgd med 70-80 % av det normale. 2-3 tonn blautgjødsel og 25 kg OPTI NS vart hatt på i dagane etter. Etter den tid har det vore normalt vått og vel så det i Angedalen, så begge dei to raigrassådde skifta og enga elles står fint no når det lir mot tredjeslått i månadsskiftet aug.-sept.

Det er alltid interessant å evaluere tiltak ein har sett inn, og ta lærdom av det til seinare. Nabo Alf Indrebø, Ole André og underteikna hadde eit kort og hyggeleg møte i Angedalen 22. august. Bøane stod svært fint og direktesådd raigras (sådd 13. juni) var i byrjande skyting og utgjorde ein stor del av avlinga. Utan tvil hadde tiltaket hatt effekt, og den unge bonden kan sjå fram til atskilleg betre fyllingsgrad i tårnsiloane etter at tredjeslått er unnagjort.

Fjerdeslått

Planen er å gjødsle på att til ein fjerdeslått på dei to skifta som vart direktesådd. I år som i år lyt ein berre vere optimist og legge til rette for maksimal utnytting av sesongen. Så får tida vise om avlinga kjem i silo eller om den vert beita. Fire slåttar i Angedalen 220 m.o.h. er iallfall godt utanfor det normale.

Det er berre eittårig raigras (westerwoldsk raigras) som kan respondere slik som skildra frå Angedalen denne sommaren. Fokuset er maksimal avling i år, og så lyt ein ta att desse areala neste år. Det mest optimale hadde vore å så inn frø så snart det var tøya og køyrbart i mai. Dette vart gjort hos naboar. Når mai og juni vart som det vart, veit vi av erfaring at nysådd frø ikkje får nok fukt til å spire, eller det spirer men stoppar heilt opp etter kort tid. Ein del av spirene vil daue. Sett i ettertid var det derfor innertiar å så rett før "himmelen opna seg" 15. juni.

Ole André Sønnervik har gjort mykje rett i sommar, og godt naboskap er gull verdt. Utan kjapp respons frå eine naboen som sådde dagen etter at førsteslåtten var i hus, ville effekten av tiltaket vore langt dårlegare.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.