Vellukka innsåing av fleirårig raigras i eldre eng

30.04.2019 (Oppdatert: 30.04.2019) Dag-Arne Eide

Gustav Orheim frå Stårheim i Nordfjord har med stort hell klart å få etablert fleirårig raigras inn i eldre eng. Garden ligg sørvendt nær fjorden, med gode overvintringsforhold for fleirårig raigras. Underhaug direktesåmaskin brukt tidleg vår har fungert svært bra. NLR har gjennomført avlings- og kvalitetsregistreringar på eitt skifte på garden.

Blenkjande raigras set sitt tydlege preg på arealet 27. mai 2016. Innsåing av raigraset var i 2011 og 2012.

Ein stor del av arealet på garden er noko bratt. Gustav har difor vore ute etter enkle metodar for å halde oppe avlingsnivået og kvaliteten på grovfôret. I 2011 kjøpte han ei brukt Underhaug direktesåmaskin, og brukte denne mykje i april både i 2011 og 2012. Han har brukt sortane Fia, Figgjo og Calibra, utan at det er så nøye registrert når og kvar dei ulike sortane er brukte. Etter såing blei det tromla.

NLR har i 2015 og 2016 følgd opp eitt spesielt skifte på garden, nemleg Hansflata på 7 dekar. Her var gamal eng utan raigras tidlegare. Det er ikkje sådd inn raigras sidan 2012. I 2015 kunne vi anslå raigrasandelen til 80-90 %, ein god del høgare enn elles på garden. Våren 2016 såg det ut til at raigraset hadde fått seg ein knekk, men det tok seg godt opp igjen utover i sesongen. Vi har vege rundballar og teke fôrprøver frå begge slåttane på dette skiftet i 2015 og 2016. Arealet er gjødsla som normalt for distriktet, med blautgjødsel/gylle frå storfe, og OPTI-NS som einaste mineralgjødsel.

 

STOR AVLING

I 2015 var det svært vått i graset ved begge slåttane. I 2016 var tilhøva mykje betre, spesielt på 1. slått. Tabellen syner godt at tal rundballar ikkje fortel alt om avlingsnivået. Det er avgjerande å vite noko om tørrstoffinnhaldet når ein skal vurdere avlingsnivå. Våren 2016 såg enga heller dårleg ut, men når sesongen var over, var det hausta meir fôr på arealet enn året før. Dette fortel at fleirårig raigras har stor evne til å ta seg opp utover i sesongen.

Vi har ikkje registreringar i tilsvarande gamal eng, som var på dette arealet før innsåing, men rundt 850 FEm pr.dekar må ein rekne som ei stor avling på 2 slåttar, der 2. slått er teken rundt 1. august. Utover i august og september blei det god gjenvekst til beiting. Avlinga av denne er ikkje registrert, men om ein seier 250 FEm i ei 3. hausting, så er vi på 1100 FEm pr. dekar i ei gamal eng, innsådd med fleirårig raigras. Arealet er ganske hardt drive med husdyrgjødsel køyrt ut i stor mengde med vogn 2 gongar i året, med haustbeiting av storfe i tillegg til 2 slåttar.

 

I ETTERTID

I 2017 hadde vi ikkje registreringar på arealet, men 18. april blei det innsådd med fleirårig raigras, Fia, ein gong til. Det hadde då gått 4 sesongar utan innsåing. Ved synfaring av feltet i slutten av mai 2018, såg det svært bra ut. Vi vurderte raigrasinnhaldet til rundt 90 %. Det er altså ingen tvil om at det går å få etablert fleirårig raigras inn i ei gamal eng utan å snu arealet, og avlinga blir stor!

 

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.