Vedlikehaldssåing i ung eng

23.03.2018 , Olav Martin Synnes

Kan ein med enkle metodar auke avlingsnivået, minske innhaldet av ugras og auke levetida for enga? Tre forsøksfelt på Sunnmøre i 2013-2017 syner at dette er vanskeleg å få til.

Langfingerharv med såutstyr har stor kapasitet. I fylgje kollegaer på Jæren bør om lag 30 % av arealet vere «svart» etter såinga. God kontakt mellom jord og frø er viktig. Verknaden av vedlikehaldssåing har til no vore lite dokumentert gjennom forsøk.

Alderen på enga på Vestlandet er høg. Vanleg fornying, med jordarbeiding og frøsåing, er arbeidskrevjande. I mange høve blir vinsten ved fornyinga meir kortvarig enn ynskjeleg. Etter seks år er avlingsnivået og ugrasinnhaldet i mange tilfelle tilbake på same nivået som før fornyinga.

 

Såing i ny eng

Såkalla «vedlikehaldssåing» har vore forsøkt av praktikarar i Rogaland i fleire år. Dette er ikkje reparering av tynn eller skadd eng. Innsåing av nytt frø startar alt i første eller andre engår. Det blir sådd nytt frø kvart – eller annakvart år, med  2-3 kg frø pr. dekar. Såinga blir gjort tidleg om våren, eller straks etter første- eller andre slått. Det skal tromlast etterpå. Høveleg såutstyr er langfingerharv med såutstyr for grasfrø. Denne er 6 m brei, kan køyrast 10 km pr. time, og har stor kapasitet. Andre typar såmaskinar blir også nytta. Røynsle tilseier at det er lettast å lukkast med innsåing om ein nyttar fleirårig raigras. Metoden er likevel lite dokumentert gjennom systematiske forsøk. Vil fordelane ein oppnår vere store nok til å dekke kostnader til frø og arbeidsinnsats?

 

Forsøk

Tre forsøksfelt vart lagt ut i 2013-2015, med tidleg vårsåing, i første eller andre års eng. Feltet i Hjørungdalen vart sådd våren 2013, Fjørtofta våren 2014 og Godøya våren 2015. Det vart nytta 2,5 kg pr. dekar av fleirårig raigras. Såmaskinen var i alle felta Einbøck langfingerharv, med såutstyr for grasfrø. Etter planen vart det tromla rett etter såing, for å sikre best mogleg kontakt mellom jord og frø.

 

Resultat

Etter 4 år er det ingen sikker avlingsauke etter innsåing annakvart år. Det er ein svak tendens til avlingsnedgang i første slått etter såinga. Nedgangen er på 7 %. Dette skuldast venteleg mekanisk skade på plantane. I dei komande slåttane er tendensen ein svak avlingsauke. 

 

Dei tre felta har normalt tett plantesetnad med normalt avlingsnivå, og lite ugras. Haustinga vart gjort om lag ei veke før vanleg slåttetid. Tredjeslåtten vart ikkje forsøkshausta. Faktisk avlingsnivå er difor noko høgare enn det går fram av tabellen. Det er ikkje påvist skilnader i botanisk samansetnad, mellom sådde og usådde forsøksruter.

 

Konklusjon

I dei tre fireårige feltforsøka på Sunnmøre, med regelmessig innsåing av grasfrø annakvart år, har det vore svært liten og statistisk usikker avlingsauke. Kostnaden til såfrø og arbeid er ikkje dekt inn. Sjølv om raigraset spirer etter såinga, har det ikkje ført til nemnande avlingsauke. Vår konklusjon er at rutinemessig innsåing, i eng som har normalt tett plantesetnad, neppe løner seg. Derimot er det gode røynsler med innsåing i eng som er uttynna, etter overvintringsskade eller køyreskade.

 

Resultata samsvarar med resultata frå nyleg avslutta forsøk med årleg «våtsåing» i ung eng. Her vart frø av fleirårig raigras blanda med blautgjødsel og spreidd samstundes med gjødslinga tidleg om våren. Heller ikkje i desse forsøka vart det oppnådd sikker eller lønsam meiravling etter tre år med årleg innsåing, frå første engår (Høglind 2017). To av dei 9 feltforsøka låg på Vestlandet.

 

Litteratur

Høglind, M. 2017. Planmessig vedlikeholdssåing fra første engår for å forlenge engas levetid. Erfaringer fra nyere forsøk og ForEff-prosjektet. Rapport. NIBIO, Særheim.

Tabell 1.- Resultat frå vedlikehaldssåing i 3 felt, Hjørungdal, Fjørtofta og Godøya, i 2013-2017. Felta vart sådd tidleg om våren i 1. eller 2. års eng. Dei to første felta vart sådd annakvart år, og hausta i 4 år. Feltet på Godøya vart sådd første år og hausta i 2 år. Det er 40 små hausteruter bak kvart tal. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.