Vedlikehaldssåing i eng

12.04.2019 (Oppdatert: 12.04.2019) Olav Martin Synnes, Dag-Arne Eide

Kan ein med enkle metodar auke avlingsnivået, minske innhaldet av ugras og auke levetida for enga? Forsøk med regelmessig innsåing av fleirårig raigras i ung eng syner at dette er vanskeleg å få til, i normalt tett eng. Både langfingerharv med såutstyr, og våtsåing med stripespreiar har vore med i nyleg avslutta forsøk.

Langfingerharv med såutstyr har stor kapasitet. I fylgje røynsler på Jæren bør om lag 30 % av arealet vere «svart» etter såinga. God kontakt mellom jord og frø er viktig. Verknaden av vedlikehaldssåing har til no vore lite dokumentert gjennom forsøk.

Alderen på enga på Vestlandet er høg. Vanleg fornying, med jordarbeiding og frøsåing, er arbeidskrevjande. I mange høve blir vinsten ved fornyinga meir kortvarig enn ynskjeleg. Etter seks år er avlingsnivået og ugrasinnhaldet i mange tilfelle tilbake på same nivået som før fornyinga.

 

SÅING I UNG ENG

Såkalla «vedlikehaldssåing» har vore forsøkt av praktikarar i Rogaland i fleire år. Dette er ikkje reparering av tynn eller skadd eng. Innsåing av nytt frø startar alt i første eller andre engår. Det blir sådd nytt frø kvart – eller annakvart år, 2-3 kg frø pr. dekar. Såinga blir gjort tidleg om våren, eller straks etter første eller andre slått. Det blir tromla etterpå. Høveleg utstyr er langfingerharv med såutstyr for grasfrø. Denne er 6 m brei, kan køyrast 10 km pr. time, og har stor kapasitet. Andre typar såmaskiner blir også nytta. Røynsle tyder på at det er lettast å lukkast med innsåing om ein nyttar fleirårig raigras. Metoden er likevel lite dokumentert gjennom systematiske forsøk. Vil fordelane ein oppnår vere store nok til å dekke kostnader til frø og arbeidsinnsats?

 

FORSØK MED LANGFINGERHARV

Tre forsøksfelt vart lagt ut på Sunnmøre i 2013-2015, med tidleg vårsåing, i første eller andre års eng. Såmaskina var ei Einbøck langfingerharv, med såutstyr for grasfrø. Det blei tromla rett etter såing, for å sikre best mogleg kontakt mellom jord og frø. Avlinga vart målt på i alt 320 små forsøksruter.

 

RESULTAT

Etter 4 år var det ingen sikker avlingsauke etter innsåing annakvart år. Det er ein svak tendens til avlingsnedgang i første slått etter såinga. Nedgangen er på 7 %. Dette skuldast venteleg mekanisk skade på plantane. I dei komande slåttane er tendensen ein svak avlingsauke. Dei tre felta har normalt tett plantesetnad med normalt avlingsnivå, og lite ugras. Det er ikkje påvist skilnader i botanisk samansetnad, mellom sådde og usådde forsøksruter. Avlingsnivået var 800-1000 kg tørrstoff per dekar.

 

FORSØK MED VÅTSÅING

Årleg vedlikehaldssåing med fleirårig raigras blanda i blautgjødsel er studert i 9 feltforsøk i Noreg. To av felta låg på Vestlandet (Høglind 2017). Det vart nytta stripespreiar. Berre i eitt av dei 9 forsøksfelta førte årleg innsåing til sikker auke i avlinga. Dette feltet hadde tynnare plantesetnad enn dei andre felta.

 

KONKLUSJON

Vår konklusjon er at rutinemessig innsåing, i eng med normalt tett plantesetnad, neppe løner seg. Dette gjeld både ved bruk av langfingerharv med såutstyr, og ved våtsåing med raigras blanda i blautgjødsel. Kostnaden til såfrø og arbeid blir ikkje dekt inn. Sjølv om raigraset spirer etter såinga, har det ikkje ført til nemnande avlingsauke. Konkurransen frå dei etablerte engvekstane har vore for sterk. Derimot er det bra røynsler med innsåing i eng som er sterkt uttynna, etter overvintringsskade eller køyreskade.

Det er og grunn til å tru at innsåing i svært ung eng, der frøet lett får jordkontakt, kan lukkast. Praksis har synt godt tilslag av eittårig raigras sådd inn i eldre eng. Dette kan gjerast året før enga blir fornya.
Det har synt seg vanskeleg å få tilslag ved innsåing av småfrøa grasartar som timotei. Høveleg med råme i jorda etter såing vil alltid vere avgjerande for resultatet. Tromling etter direktesåing bør alltid utførast.

 

LITTERATUR
Høglind, M. 2017. Planmessig vedlikeholdssåing fra første engår for å forlenge engas levetid. Erfaringer fra nyere forsøk og ForEff-prosjektet. Rapport. NIBIO, Særheim.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.